Første heimesigerfrie runde på 7 år
Første runden i eliteserien 2020 er den første på nesten sju år som ikkje har gitt ein einaste heimesiger. Utan publikum på tribunene blei det tre uavgjorte kampar og fem bortesigrar.
Runde 25, spela frå 27. til 29. september i 2013, gav fire uavgjort og fire bortesigrar.
Også tre rundar tidlegare sidan eliteserien blei utvida til 16 lag i 2009 har gått utan heimesiger: Runde 28 i oktober 2011 (fem uavgjort), runde 16 i juli 2010 (tre uavgjort) og runde 5 i april 2009 (seks uavgjort).