PL-avslutning i Australia?
Den australske fotballagenten Gary Williams har lansert ein ide om å fullføre sesongen i Premier League i byen Perth i Australia.
– Timinga og staden er perfekt, seier Wlilliams til ABC Grandstand. Han vil ha alle laga til byen for to vekers karantene, så kan dei 92 resterande ligakampane spelast der. Det er vinter og mellom 8 og 19 varmegrader i byen.
Australia har sleppt billig unna pandemien med berre 94 registrerte dødsfall.
Premier League har så kangt ikkje kommentert utspelet.