Historisk kombinert-triumf
Det er dobbelt norsk i samandraget til verdscupen. Jarl Magnus Riiber vann dagens løp i Holmenkollen. Han har vore i ein klasse for seg sjølv heile sesongen. I dag tok han sin fjortande verdscupsiger denne sesongen. Det er fem fleire enn den førre rekorden, som blei sett av Bjarte Engen Vik.
– Han har eit heilt unikt talent, og samtidig har me eit veldig godt skiapparat, seier Ivar Stuan, som er sportssjef i kombinert.
Jørgen Graabak kom på femteplass i dag. Og han er allereie sikra andreplassen i samandraget. To nordmenn blant dei to beste i samandraget har aldri skjedd før.