Usikkert når Nilsson er tilbake
Svenske Stina Nilsson måtte reise heim etter første dag av Tour de Ski på grunn av eit brote ribbein, og fryktar no at ho kan miste heile resten av sesongen.
– Rehabiliteringa vil ta nokre veker til, seier ho til Sveriges Radio.
– Om eg kjenner meg klar til å starte, gjer eg nok det. Men eg kjem ikkje til å presse meg, seier Nilsson.
Derimot er Frida Karlsson snart klar for langrennsløypa igjen. Ho fekk før jul startnekt fori ho ikkje oppfylte helsekravet.
– Kroppen har ikkje vore i balanse, og det var bra at folk rundt meg tok tak i det. Det har vore mentalt tøft, og eg har ikkje trena så mykje fysisk. Men no verkar det som det kan vere nær eit comeback. Eg lengtar til startstreken, seier Karlsson.