Pallen glapp for Norge
Det vart den sure 4.-plassen for dei norske hopparane i tyske Klingenthal. Johansson kniva mot japanske Ryoyu Kobayashi som hoppa 135,5 meter i siste hopp. Johansson landa på 130 meter. Polen vann lagkonkurransen suverent, medan Austerrike sikra seg 2.-plassen. – Det må vi bite i oss, for vi er eit bra lag. Mest overraska over at siste hoppet ikkje gå lengre. Det kjendest betre ut, seier Robert Johansson.
Johann André Forfang, som var henta inn som reserve for Daniel-André, leverte to svake hopp. Han kalla seg sjølv det svakaste leddet etter konkurransen.