NRK-ekspert Atle Grønn trur ikkje smellen treng ha så veldig mykje å seie før det niande VM-partiet onsdag, men er redd for ein ting:
– Dersom han må bruke smertestillande, kan det bli eit potensielt problem. Då kjenner ein seg veldig pigg nokre få timar. Men ein VM-kamp kan vare i 6–7 timar, seier Grønn til NRK.
Atle Grønn har sjølv spela med smertestillande middel, og veit korleis det verkar.
– Då kan du vere høgt oppe, og rase brått ned. Å vere ukonsentrert i ein liten augneblink kan vere heilt fatalt. Då er det krise, og det er ingenting du kan gjere med det.
– Men dei fleste sjakkspelarar har ein eller annan gong spela med smertestillande middel, seier Grønn.
Fridag med blåveis
Den norske verdsmeisteren hadde fri tysdag, og brukte fridagen på å spele fotball. Carlsen krasja med ein av dei andre spelarane, fekk seg ein smell i hovudet og ein solid blåveis.
Det såg litt stygt ut, med eit lite kutt i augeregionen.
– Har han det bra?
– Ja. Han syntest til og med det var litt artig at han fekk ein smell på trening. Det var inga hjerneristing, slik vi kunne frykte. Kuttet er ikkje så stort at det må gjerast noko med, seier lege Brede Kvisvik.
Magnus Carlsen valde å spele vidare etter kollisjonen, ei avgjerd legen var samd i.
– Det såg litt verre ut enn det var. Han var litt «tommelomsk» like etterpå, men kjende seg likevel fin.
Carlsen kolliderte med NRK-journalist Emil Gukild. Han fekk eit kutt over høgre auge, og måtte lappast saman av Kvisvik for å stoppe blødinga. Gukild stiller med plaster over auget i TV-sendinga onsdag.
– Det var eit uhell der han såg opp og eg såg ned. Eg blei veldig letta da eg skjønte at han hadde det bra, seier Gukild.
– Hjernen fungerer like fint
Legen trur ikkje Carlsen blir hemma av smellen i VM-partiet onsdag, men:
– Dersom han får problem med å sjå, kan det bli vanskeleg. Men då skal hevinga rundt auget bli veldig stor. Vi har lagt litt is på. Då trur eg ikkje det skal ha noko å seie, for hjernen hans fungerer like fint.