Mange hadde problem i bakken, og tyske Magdalena Neuner var mellom dei som ikkje greidde å halde seg på beina. Men berre Ekholm ploga tydeleg ned bakken.
Andrea Henkel sa også at ho berre var oppteken av å halde seg på beina. Men likevel køyrde ho ned utan ploging, og slo Ekholm med 23 sekund.
- Må endrast før VM
Det tyske laget har varsla at dei vil ta dette opp med arrangøren, slik at løypa kan justerast noko til VM neste år.
Diskuter: Bør ikkje verdens beste skiskyttarar takle ei slik utforkøyring?
Ekholm støttar tanken.
- Det verkar som dei har laga ei flott løype, og øydelegg den med ei slik utforkøyring. Det er litt unødvendig. Folk kjem til å falle seinare og, det blir litt som då vi var i Korea, seier Ekholm, og tenkjer på VM i 2009, seier Ekholm til NRK.
Video: Sjå intervjuet med Ekholm
Neuners fall var hardt, og den tyske jenta sit att med fleire blåmerke etter fallet.
- Det er slett ikkje bra, eg håpar dei gjer noko med det til neste år, seier Ekholm.
Var livredd
Det var ruskever og tungt føre under 15-kilometeren torsdag. Då var beina tunge på den siste runden.
- Då eg stod på toppen av bakken før siste runde, hadde eg berre ein tanke: Ta deg ned, ta deg ned. Eg var livredd. Men eg er flink til å ploge, og det gjekk jo bra, sa Ekholm, som med feilfri skyting klarte å kome på pallen.
Men farten i sporet var ikkje stor nok - noko ploginga delvis hadde skulda for. Uansett slo Ekholm sine hardaste konkurrentar i verdscupen, og ligg no berre 30 poeng bak leiande Kaisa Mäkäräinen.