Det seier Heidi Løke, dagen etter at Sverige sytte for
i kvinnehandball på åtte år.Dagen derpå sleit dei norske handballjentene med å forklare totalkollapsen. Veteran Tonje Larsen var ikkje stolt av verken sin eigen eller lagets innsats.
Høyr intervjuet dagen etter tapet:
Avhengige av nøkkelspelarar
- All ære til svenskane for det dei gjorde. Og vi presterte langt under det nivået vi vanlegvis har. Då blir resultatet deretter, seier Løke til NRK.
Med Heidi Løke ute på grunn av sjukdom og sentrale spelarar som svikta, vedgår landslagssjef Thorir Hergeirsson at dei er avhengige av nøkkelspelarar for å lykkast.
- Les:
- Det betyr mykje at dei sentrale spelarane våre lykkast og er på hugget. Det gjeld både målvakt, midtforsvar og strategane våre framover, seier Hergeirsson til NRK.
- Les:
- Vi slår dei neste gong
Målvakt Katrine Lunde Haraldsen, som blei bytta ut etter første omgang, bryr seg lite om at det var nettopp Sverige dei tapte for i går.
- Les:
- Det er sjølsagt ekstra surt å tape ein kamp der ingen eigentleg spelar godt. Det er surare det enn at det var akkurat Sverige vi tapte for. For vi veit at neste gong slår vi dei, seier Lunde Haraldsen.
- No kan det berre gå ein veg, for nå er vi på botn, og då kan det berre gå oppover, legg ho til.