Jørre Kjemperud og Vegard Høidalen tapte 2-1 i sett mot den austerrikske duoen Doppler/ Gartmayer i første kamp i EM-runden i sandvolleyball i dag. Nordmennene vann første sett 21-16, men tapte dei to neste 22-20, 15-5.
Siste sett vart prega av sterk vind, som den norske duoen ikkje klarte å takle.
- Dette skal ikkje vere mogleg
Vegard Høidalen og Jørre Kjemperud spelte stor sandvolleyball i første og spesielt andre sett. På stillinga 20-19 hadde dei matchball, men klarte ikkje avgjere kampen.
- Vi følte oss trygge då vi leia 19-16 i andre sett, men klarte likevel å rote vekk sigeren. Det skal ikkje vere mogleg, sa ein oppgitt Jørre Kjemperud i den spanske sanden etter kampen.
Tredje sett vart ein skikkeleg nedtur. På eit tidspunkt låg nordmennene under 10-1. Det endte 15-5.
Spesiell gjenforening
Vegard Høidalen og Jørre Kjemperud har ein forhistorie med mykje bråk og krangling. Duoen avslutta samarbeidet etter OL i Aten etter store samarbeidsproblem. Kampen i Valencia var difor spesiell for begge to.
- Vi har spelt saman i over 10 år, så det gjekk greitt å finne kvarandre på bana. Det var likevel spesielt å spele saman med Vegard igjen, etter all turbulensen, avsluttar Jørre Kjemperud.