- Hemsko for samarbeidet
Peter Mueller har stemna forbundet for retten etter at han fekk sparken. Dette går ut over Håvard, meiner faren.
- Det er tydeleg at NSF er redd for å spele ut noko kort før avgjerda i ei rettssak, og dette er ein hemsko for heile samarbeidet, seier Eirik Bøkko til NRK.
Han peikar på at reglane som Skøyteforbundet har innført, hindrar samarbeidet mellom forbundstrenarane og dei personlege trenarane - iallfall Peter Mueller.
Les:
- Det er synd. Det betyr at det ikkje er utøvaren som blir sett i fokus, men ei sak som ligg på sida. Og det er etter mi meining heilt feil, seier Eirik Bøkko.
Video: Bøkko kan forlate landslaget før OL:
Botnlaus konflikt
Konflikten mellom Peter Mueller og skøyteforbundet verkar botnlaus. I nederlandsk fjernsyn gjekk den kontroversielle amerikanaren i går knallhardt ut mot skøyteforbundet.
Ein konspirasjon førte ifølge Mueller til at han vart sparka, men spekulasjonen vart avvist av Skøyteforbundet. At Mueller ikkje kan ha kontakt med Bøkko under trening kan no føre til at vår beste skøyteløpar går ut av landslaget.
- Det er snakk om toppidrett og veldig små marginar. Derfor må utøvaren setjast i forkus for å få eit så optimalt opplegg som mogeleg, seier Eirik Bøkko.