Ung mann på balkongen med planterik bakgrunn

Sid Hart håpar at musikken hans kan kaste ljos på dei unike utfordringane som skeive menneske går gjennom på grunn av måten samfunnet er sett opp.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Sid måtte skjule kjærasten sin

Han slo gjennom som artist i Nicaragua. Alt såg ljost ut. Bortsett frå ein ting. Fridomen. Den måtte han til Noreg for å finne.

– Velkomen hit.

Norsk-nicaraguanske Sid Hart smiler vennleg der han tar i mot oss i leilegheita til venninna si. Han er høg, slank og blikket blir umiddelbart dratt mot det mørke håret og dei mørke augo hans.

Dei utstrålar sjarme og godheit.

Han verkar trygg der han er. I leilegheita. I musikken. I livet.

Vi møtest i starten av juni – månaden der feiring av skeiv kjærleik og mangfald står i fokus. Ei feiring som betyr mykje for 27-åringen. Han er blant artistane som skal opptre på Pride Oslo.

Eg håpar eg kan vise folk i Noreg at Pride er noko unikt, og eit privilegium som har vorte kjempa lenge for av dei som kom før meg.

Ein ung mann med kort krølla hår ser i kamera med eit lunefullt smil

Og at ein må fortsetje å kjempe. For ting kan alltid endre seg, og har ein ikkje det i bakhovudet kan det få alvorlege konsekvensar.

Artist Sid Hart på balkongen - han ligg henslengt i stolen med ukulele på fanget

Han snakkar av eiga erfaring. For det har tatt mange år å kome dit han er i dag. Frykt for vald og trakassering er noko som har prega Sid. Som person og artist.

Vendepunktet

27 år gamle Sid Hart er født i Nicaragua, og er barn nummer to i ein søskenflokk på fire. Faren hans er indisk, men voks opp i Noreg. Mora hans er nicaraguanske Katia Cardenal, ein svært anerkjent sentralamerikansk folkemusikar.

Ho er blant anna kjent for sine versjonar av Alf Prøysens viser, og har i tillegg opptredd med fleire norske artistar som Bjørn Eidsvåg, Anne Grete Preus og Sissel Kyrkjebø.

Ein ung gut med kortklipt hår ser inn i kamera og smiler lurt.

Sid Hart hadde ein god og trygg oppvekst.

Ei ung mor og sonen hennar ser inn i kamera og smiler.

Sid Hart saman med mammaen sin Katia Cardenal - som også er artist.

Ein familie med fire barn og ei mor sit saman framfor eit juletre, ser mot kamera og smiler.

Sid Hart saman med mamma Katia og resten av søskena framfor juletreet.

Artisten Sid Hart og mora Katia Cardenal avbilda på stranda i Nicaragua

Sid Hart med mammaen sin Katia Cardenal.

Ein 15 år gammal gut med ukulele på fanget ser inn i kamera og smiler

15 år gamle Sid Hart avbilda i avisa for fyrste gong.

Ei ung kvinne med gitar og ein ung mann med ukulele står inntil ein grå betongmur og ser i kvar si retning. I hjørnet står ein sor, grøn plante.

Syster hans Nina og han sjølv utgjorde duoen Nina y Sebastian, og var svært populære i Nicaragua.

Dei fyrste fem åra budde Sid og familien i Oslo. Deretter flytta dei til Nicaragua. Den norske kulturen vart likevel med han. I hovudstaden Managua gjekk han på nordisk skule.

– Eg følte meg inkludert og akseptert gjennom heile barndomen min. Skulen var progressiv og open, fortel han.

Men da han begynte på vidaregåande fekk han sjokk.

Borte var dei nordiske verdiane han var vant til frå barneskulen. Vidaregåande vart eit krasjkurs i latin-amerikansk-konservativ machokultur og katolisisme. Der var det ikkje plass til ei søkande artistsjel som hadde oppdaga at han var skeiv.

Kvelande machokultur

– Det var eit sterkt kultursjokk, understrekar han.

Nicaragua er eit katolsk land der konservative verdiar står sterkt. Den vidaregåande skulen Sid gjekk på bar preg av det. Lærarane og medelevane var, ifølgje Sid, svært konservative. Det skulle ikkje mykje til for å bli sett på som utskotet.

Eg var ein veldig sensitiv gut. Det passa ikkje inn i guteklubben. I Nicaragua er machokulturen svært dominerande.

Ein ung mann sit inne i sofaen og ser ut av glaset

Du skal vere sporty, maskulin og ikkje vise teikn til kjensler. Det var vanskeleg for meg å tilpasse meg.

Ein ung mann drikk kaffi

Enda vanskelegare vart det da han innsåg at han likte gutar.

Kriminelt å vere homofil

I Noreg er det 50 år sidan sex mellom menn vart avkriminalisert, og vi har kome ein lang veg i kampen for rettane til skeive.

Men det finst framleis land, nærmare bestemt 69 land, der sex mellom to av same kjøn er forbode.

I åtte av dei kan du risikere å bli dømt til døden.

Solidaritet er ein av grunnpilarane i Pride. Ifølgje Inge Alexander Gjestvang, som er leiaren i FRI – foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald, er det viktig at ein har eit internasjonalt fokus i tillegg det nasjonale.

Mange av oss tar heilt grunnleggande menneskerettar for gitt, rettar som skeive rundt om i verda framleis kjempar for å få tilgang på, seier leiaren.

Inge Alexander Gjestvang, hvit mann ikledd svart jakke, grå genser med hvit skjortekrage brettet over kanten. Ser inn i kamera, ikke smilende.

Inge Alexander Gjestvang er leiar i FRI – foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Foto: Pressefoto / FRI

Dei siste åra har Polen fått kritikk for å innføre homofrie soner. Den siste tida har det også storma rundt fotball-VM i Qatar etter at det vart kjent at fleire hotell nektar homofile adgang.

Vi kan ikkje trekke opp stigen etter oss, verken nasjonalt eller internasjonalt, fridom er noko som kjem alle til gode, og vi skal aldri ta den for gitt, legg Gjestvang til.

– Gret som eit barn

I Nicaragua er det ikkje forbode å vere skeiv, men det er likevel ikkje akseptert av samfunnet. Du kan få trøbbel med utdanning. Du kan miste jobben din eller moglegheiter for å gjere karriere. Du kan bli utestengt av familien eller miste venar.

For Sid betydde dette at han måtte skjule kjærasten sin. Berre familien og dei nærmaste venane visste om det. Systera Nina var den fyrste som fekk vite at han likte gutar.

– Eg gret som eit barn. Ho var så fin og støttande. Det var det fyrste og viktigaste steget.

Resten av familien var også støttande. Etter kvart vart musikken ein fristad.

Gjennom musikarar møtte eg på andre skeive. Musikk og kunst var ein måte å utforske kjenslene på utan å gjere det openlyst, fortel Sid.

Ein ung mann med ukulele på fanget

I konstant frykt for å bli «avslørt»

Sid sitt fulle namn er Siddharta Sebastian Cardenal Kapoor. I Nicaragua er han kjent som Sebastian sidan han og systera hans Nina danna artistduoen Nina y Sebastian.

– «Sebastian» var nesten eit alterego som eg brukte som var enklare å fordøye for det nicaraguanske publikummet. «Sid Hart» er den eg verkeleg er, fortel han.

I Nicaragua var dei eit av dei mest framstormande banda, med over 300 000 avspelingar på Spotify.

Sjå musikkvideoen av Nina & Sebastians «Canción De Adiós» (Farvel).

Likevel følte han seg innskrenka.

– Eg torde ikkje å skrive kjærleikssongar om gutar.

Han klarte likevel å slå gjennom, og vart eit kjent namn for dei fleste. Men det var ikkje alle som likte det dei såg. Sid opplevde ofte trakassering frå andre menn, og levde i konstant frykt for å bli «avslørt» og utsett for vald.

– Eg var ein offentleg person som var sensitiv og open om kjensler. Det var ikkje slik ein gut skulle vere. Eg vart ofte møtt med homofobiske kommentarar.

Sid våga aldri å gå ut i gata med sminke eller naglelakk.

Små ting kunne skape aggressive reaksjonar.

Ung mann stirrer ut av vindauge

Den indre konflikten tæra på. Sid gjekk inn i ein depresjon og prøvde å døyve dei vanskelege kjenslene med rus. Festing vart ein stor del av kvardagen.

– Det var ein periode der eg ikkje kunne ha det livet som mine heterofile vennar hadde.

Dei hadde moglegheit til å vere i forhold og ha det trygt og fint med kjærasten sin. Eg kjente meg avgrensa, og handterte det på ein usunn måte, opplyser han.

– Visste det var ein risiko

Han kom til eit punkt der han ikkje følte seg beskytta lenger. Han bestemte seg for å flytte til Oslo. Rett før posta han bilde av seg sjølv på Instagram der han viste meir av si skeive side. Blant anna hadde han på seg øyredobbar.

Det førte til ein stor debatt i det konservative Nicaragua. På nyheitene diskuterte dei om menn kunne bruke dameplagg eller ikkje.

– Dei moglegheitene eg hadde som musikar og artist vart færre og færre. Det var vondt. Eg tenkte at musikken – som handla om kjærleik – var ein universell følelse. Meininga bak bodskapet hadde ikkje forandra seg. Det skuffa og sjokkerte meg veldig.

Han mista også hundrevis av fans.

Redd for eige liv

Eg visste det var ein risiko. Men eg trudde ikkje at det skulle vere så konkret, tungt og direkte.

I 2018 vart diktaturet i Nicaragua strengare og ytringsfridomen for artistar vart stadig meir innsnevra. Sid flytta til Noreg med håp om å kunne uttrykke seg fullt ut, både i musikken og som person.

Eg la venane mine, familien min og artistkarrieren bak meg og starta frå botnen av. Det er det vanskelegaste eg nokosinne har gjort, men eg er så takknemleg for å ha fått moglegheita til å gjere det.

Da han kom til Noreg kjente han på ein nyvunnen fridom. Endeleg kunne han gå med smykke, kle seg i sminke, gå i feminine klede. Rett og slett finne seg sjølv.

– Det tok tid også. Men berre det å gå i gata å sleppe å vere redd for å bli trakassert betydde mykje for meg.

Ung mann på gata

Sid Hart slepp å vere redd i norske gater.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

– Kjærleik er eit universelt språk

Sjølv om han i starten syntest det var trist å måtte begynne artistkarrieren på nytt, er han glad for at han i dag kan leve fritt og lage den musikken han sjølv vil.

Snart er han ute med singelen «Boys in Love» som også er namnet på prosjektet som skal bli til eit dobbeltalbum.

«Boys in Love» er ein kolleksjon gøymde songar om forelsking mellom gutar som Hart ikkje har våga å gi ut før nå. Prosjektet har også vore ein form for tilgjeving og læking over den tapte tenåringstida.

Used to live our lives in fear, and now we're 27 living teenage years»

Songen «Boys in Love»

Han peikar på at det er mange norske ungdommar som kanskje tar fridomen sin for gitt. Han vil kaste ljos på at dét ikkje er standarden andre stadar.

Det er noko unikt, og vakkert som Noreg tilbyr. Det å tillate meg sjølv å vere forelska og elske – det er viktig for meg.

Ung mann sit ute på eit rekkverk omgitt av syrinar

Kjærleik er eit universelt språk som alle kan kjenne seg igjen i, uansett legning, identitet eller kjønn.

Ung mann med sommarfugl-øyredobb stirrer ut mot horisonten

NRK sender direkte frå Pride laurdag 25. juni på NRK 1 og NRK TV.