Hopp til innhold

Yppa seg mot fransk gigant

Franske Metz er rekna som ein utfordrarane i Meisterligaen i handball. Fredag sende dei truleg Vipers Kristiansand ut av Europas gjævaste klubbturnering.

Vipers Kristiansand - Metz, Mathilde Kristensen

Mathilde Kristensen og Vipers Kristiansand tapet heime mot franske Metz fredag kveld.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Det er kjipt sjølvsagt. Eg veit ikkje kva eg skal seie. Det er kjedeleg, men det er første året vårt. Vi lærer av dette, seier Vipers-spelar Jeanett Kristiansen til NRK.

– Vi har lært at vi ikkje kan vere på 90 prosent. Vi må vere på 100 prosent heile tida. Så må vi følgje med, for det kjem frå alle kantar, seier Kristiansen.

For sørlendingane kan truleg sjå langt etter billett til hovudrunden i Meisterligaen. Laget ligg sist i si gruppe med to poeng.

Intervjuer etter Vipers Kristiansand - Metz i Mesterligaen i håndball.

Sjå intervju med Jeanett Kristiansen, Emilie Hegh Arntzen og Sunniva Andersen etter tapet mot Metz.

Slik kan dei gå vidare

No er klubben avhengig av hjelp frå tyske Bietigheim. Tyskarane må slå Buducnost på heimebane søndag. Samstundes må Vipers slå Buducnost i Montenegro i siste kamp på bortebane.

Dersom det slår til tek Vipers tredjeplassen på innbyrdes oppgjer.

– Det er surt. Veldig surt faktisk. Vi hadde sjansen til å vinne og avgjere vidare avansement på eiga hand, seier Emilie Hegh Arntzen.

Vipers gav franske Metz verkeleg kamp til døra i Kristiansand fredag kveld. Laget låg under gjennom heile kampen, men hadde kontakt gjennom alle 60 minutt.

Emilie Hegh Arntzen og Kristine Lunde Borgersen, Vipers Kristiansand

Emilie Hegh Arntzen og Kristine Lunde Borgersen i oppgjeret mot Metz.

Foto: Leif Dalen / NRK

Tok seg vidare

Fem minutt før slutt låg sørlendingane berre to mål bak kvinnene frå Frankrike.

Men då Grace Zaadi sende gjestene opp i leiinga 25–22 to minutt før slutt var kampen avgjort. Det vart også sluttresultatet.

Laget sikra samstundes avansement til hovudrunden i Meisterligaen.

Vipers Kristiansand har hatt ein god sesong så langt. Laget toppar eliteserietabellen og sikra plass i cupfinalen onsdag.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %