Hopp til innhold

Vurderer fellingsløyve på ulv

Ein ulv har teke ni sauer i Agder. No blir det vurdert fellingsløyve.

- Voksen sau tatt av ulv sist fredag, på heia mellom Ljosland og Kvifjorden. Etter en totalvurdering av skademønsteret og omfanget i tid og rom oppjusterer SNO de fleste av skadesakene til dokumentert ulv.

Voksen sau tatt av ulv sist fredag på heia mellom Ljosland og Kvifjorden.

Foto: Statens Naturoppsyn

Statsforvaltaren i Agder vurderer om det skal givast fellingsløyve på ulven som har teke sau i vestlege delar av Agder.

Det stadfestar Gry Gasbjerg Engemyr hos Statsforvaltaren.

– Så langt har Statens naturoppsyn funne ni sauer som skal ha vorte teke av ulven, fortel fagansvarleg for rovvilt i Agder, Jon Erling Skåtan.

Nye funn

For ei veke sidan melde NRK at tre sauer var drepne i Kvinesdal i Agder. Då vart det anteke at det kunne vere ein ulv som stod bak.

Les også Skal ha observert ulv på Sørlandet

Ulv observert i Kvinesdal

Etter det er det funne fleire sauekadaver.

– Det gjer at vi er så godt som sikre på at det er ein ulv. Etter ei totalvurdering av skademønsteret og omfanget i tid og rom, oppjusterer Statens naturoppsyn dei fleste av skadesakene til dokumentert ulv, seier Skåtan.

Han fortel at dei siste og ferskaste funna vart gjorde i Sirdal og Åseral.

Ulven vandrar langt

Terskelen for felling av ulv som gjer skade, er svært høg innanfor ulvesona, som er eit område der det er mål om at revira produserer eit visst tal ungekull.

– I sona vår er det ikkje mål om yngling av ulv. Det betyr ikkje at ulven ikkje får lov til å vere her, men i den augneblinken han gjer skade så kjem fellingsløyvet, seier Skåtan.

Statsforvaltaren avslo 18. juli ein søknad frå Vest-Agder sau og geit om løyve til skadefelling av ein ulv i Kvinesdal beitelag.

Les også Vil finne ut kvifor elgkalvar døyr – ber lokale om hjelp

Død elgkalv i Songdalen

– Sjå til dyra

Ifølgje Skåtan liker dei store rovdyra å gå, og kan leggje bak seg fleire mil på kort tid.

No har det gått nokre dagar og ulven kan vere langt unna.

I 2001 og 2002 vart det observert to ulvar i Agder.

Så har det vore litt stille nokre år, men no tyder alt på at ulven er tilbake.

– Bør dei som har sauer vere ekstra på vakt no?

– Det viktigaste er at dei er ute og ser til dyra sine. Det var ein kadaverhund som lette fram eit kadaver i Hægebostad, seier Skåtan.

Han seier dei er avhengige av tips frå folk for å finne dyrekadaver og lokalisere ulven.

– Dyreeigarane må også å gi beskjed om funn av døde dyr for å få erstatning.

Les også Båteiere borer fortøyningshull i nasjonalpark

Dette er et av hullene som båteiere har laget i nasjonalparken.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 01 1,06 kr
Dyrest kl. 07 1,25 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %