Hopp til innhold

Vil finne ut kvifor elgkalvar døyr – ber lokale om hjelp

Elgkalvar utan teikn på ytre skade blir funne i skogen. Flått kan vere årsaka.

Død elgkalv i Songdalen

Fleire elgkalvar er funne døde i Agder. Milt og lunger er teke ut for å prøve å finne årsaka.

Foto: Fallviltgruppa

– Dei siste åra er det funne døde elgkalvar og på hausten har det vore mange friske elgkyr utan kalv. Det er jo litt merkeleg, så det er noko vi har lurt veldig på.

Det seier leiar av Viltnemda i Froland kommune Øyvind Froland.

Han fortel at dei no har sett i gang eit prosjekt for å prøve å finne ut kva som har ramma elgkalvane.

Dei har ingen ytre, synlege skadar melder Tvedestrandsposten, som først skreiv om saka.

Død elgkalv i Tvedestrand

Denne elgkalven vart funnen død i Tvedestrand i Agder.

Foto: Fallviltgruppa

Kan komme av flått

Froland har ein teori om kva kalvane kan ha døydd av.

– Dei kan ha vorte infiserte av ein sjukdom som kan vere påført av hjortelusfluge eller flått, seier han.

Kvifor trur de at flåtten kan ha noko med dette å gjere?

– Det kan vere anaplasma, som er ein bakterie flåtten tek med seg. Den fører til lungebetennelse og nedsett allmenntilstand og til slutt død.

Han legg til at undersøkingar som er gjorde sporadisk til no, kan tyde på at kalvane har hatt lungebetennelse.

Les også Martin fikk et ublidt møte med elgen – før den stupte i døden

Elg døde i Arendal sentrum mai 2023

Treng tips

Froland fortel at det førebels er teke få prøver av døde kalvar, men at det er noko dei vil jobbe vidare med no.

Då treng dei å få undersøkt fleire døde kalvar.

– Vi vil gjerne få inn så mange døde elgkalvar av året som mogleg, seier Froland.

Død elgkalv Songdalen

Død elgkalv funnet i Songdalen i Kristiansand kommune.

Foto: Fallviltgruppa

Viltnemnda har bede lokalbefolkninga om å gi beskjed om dei kjem over døde elgkalvar i naturen.

– Det er veldig vanskeleg å finne ein elgkalv og ein skal ha litt flaks for å finne dei. Vi treng alle auge som ser.

Froland fortel at dei vil ta prøver av milt og lunger for å prøve å finne ut kva kalvane kan vere infisert med.

Øyvind Froland, leder av viltnemda i Froland

Øyvind Froland ber lokalbefolkninga i Froland kommune om å ta kontakt med Viltnemda viss dei ser ein død elgkalv.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

Gjeld fleire stader

Ifølgje Froland i Viltnemnda er dette ikkje berre eit lokalt fenomen.

Han seier gjeld det gjeld heile Agder og deler av Telemark.

Les også Advarer mot kåt og forvirret elg på uvanlige steder

Elg på terrasse

NRK Sørlandet
Spiller nå
Her stjeler beveren ved 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,57 kr
Dyrest kl. 00 1,97 kr

Strømkostnader nå

Med strømstøtte

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 3,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,8 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Okt 2022 – okt 2023
    + 8,5 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %