Hopp til innhold

Ein person funnen død etter brann

Ein låve har brent ned i Risør. Ein person er funnen død på branntomta.

Låvebrann i Risør

Ein person er sakna etter ein låvebrann i Risør.

Foto: Torfinn Skåttet / Aust-Agder Blad

– Det er gjort funn av ein person på branntomta som det er grunn til å tru å anta er den sakna, opplyser politiets operasjonssentral i Agder.

Pårørande er varsla.

Ein person var sakna etter at ein låve tok fyr tysdag ettermiddag.

– Brannvesenet går gjennom delane av bygget dei ser på som trygge å søke gjennom, sa operasjonsleiar Agder-politiet, Knut Odde til NRK tysdag ettermiddag.

Få timar seinare kom meldinga om ein person er funnen død på branntomta.

– Politiet sikrar no staden med tanke på tekniske undersøkingar. Sak vil bli oppretta og vert etterforska vidare, opplyser politiet.

– Eksplosjonsaktig smell

Rolf Røisland bur like ved og var ein av dei første til staden. Han høyrde eit smell og gjekk ut for å sjå kva som skjedde.

– Eg trudde først det var ein bil som brann. Det var eit eksplosjonsaktig smell. Låven var overtent på ein augneblink, seier han.

Røisland og ein annan fekk raskt varsla brannvesenet.

– Eg sprang bort, men då var den overtent allereie, seier han.

Ingen dyr i låven

Brannvesenet jobba på spreng for å hindre at hovudbygningen skulle ta fyr.

– Sløkking pågår, men uthuset kjem nok til å brenne heilt ned. Politiet er på staden og hentar inn opplysningar om kva som kan ha skjedd, opplyste Agder politiet sin operasjonssentral.

Det var ikkje dyr inne i låven.