NRK Meny
Normal

Vipers vil hente Løke - for andre gang

Vipers Kristiansand prøvde å signere både Heidi Løke, Katrine Lunde og Tonje Nøstvold, men fekk nei. No vil klubben igjen jobbe for å hente dei tre toppspelarane.

Heidi Løke jubler

Vipers Kristiansand forsøkte å sikre seg Heidi Løke i vår. Klubben vil prøve igjen, ifølgje Gunnar Pettersen.

Foto: Aleksandar Djorovic / NTB scanpix

– Dette er ikkje noko som er lagt dødt. Desse spelarane vil det bli jobba med, seier Vipers Kristiansand-trenar Gunnar Pettersen til NRK.

Då Pettersen skreiv under ei intensjonsavtale med Vipers i vår, var ei av føresetnadene for at han skulle skrive kontrakt, at klubben henta Heidi Løke, Katrine Lunde og Tonje Nøstvold.

Var i samtaler i vår

Heidi Løke og Katrine Lunde Haraldsen

Gunnar Pettersen ynskjer seg både Heidi Løke og Katrine Lunde.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

– Det var reelle samtaler og møter med desse tre. Men eg forstod at å få to spelarar i verdas beste lag, Györ, til å skrive under halvanna år før, ikkje ville gå, seier Pettersen.

For klubben klarte ikkje å signere nokon av dei tre. Likevel valde Pettersen å skrive under for klubben.

– Det som gjorde at eg likevel hang meg på var at klubben jobba med både hollandske, sveitsiske og norske spelarar. Dei klarte til slutt å få tak i 3–4. Det er bra jobba. Då tenkte eg at det er mogleg å hente endå betre spelarar neste gang, seier Vipers-trenaren.

– Her vert det jobba. Det har eg fått mange bevis på. Difor er eg her, seier han.

Vil ha Lunde

Den tidlegare landslagstrenaren for herrar meiner at klubben må leggje lista høgt for å utfordre Larvik, som er målet på sikt.

– Skal vi komme tettare på dei må vi matche dei på målvaktsida. Det er ei målvakt som matchar dei som er der no. Det er Katrine Lunde, seier han.

– Kjem Lunde til Vipers?

– Det veit eg ikkje. Men skal vi innfri målsetninga må ho stå i målet der borte, smiler Pettersen.

Intervju med trener i Vipers Kristiansand, Gunnar Pettersen før sesongstarten i håndball.

Sjå intervju med Gunnar Pettersen.