NRK Meny
Normal

Vipers ute av sluttspelet

Vipers Kristiansand klarte ikkje å kvalifisere seg til semifinale i handballens sluttspel for kvinner.

Kristine Lunde Borgersen, Vipers Kristiansand

Kristine Lunde-Borgersen og Vipers Kristiansand er ute av sluttspelet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Onsdag kveld spelte nemleg Levanger og Tertnes uavgjort 25-25 i trøndelag.

Det betyr at Levanger toppar gruppa med tre poeng føre Tertnes.

Dermed har ikkje Vipers moglegheit til å passere Levanger, sjølv med siger mot Tertnes i Bergen i den siste kampen kommande helg.