– Eg er utruleg letta. Györ er eit kjempebra lag. Vi har stor respekt for dei. Det er heilt utruleg kva jentene på laget får til, seier Sunniva Nes Andersen til NRK.
Føre 20.000 tilskodarar i MVM Dome i Budapest var det Vipers som dominerte i ein krutsterk første omgang. Dei leia heile 23-18.
Men Györ kjempa seg inn igjen, som gjorde at det vart dramatiske sluttminutt.
– Det var ei liding for oss i andre omgang også. Eg var litt stressa, men vi gjorde ein veldig god første omgang, som gjorde at vi klarte å dra det i land til slutt, seier Vipers-spelar Sunniva Nes Andersen til NRK.
Sjå intervju med Vipers-spelar Sunniva Nes Andersen etter sigeren i semifinalen.
Lunde med avgjerande redning
På stillinga 36-34 til Vipers fekk Marketa Jarebkova to minutts utvising.
Vipers måtte fullføre kampen med ein spelar mindre.
Men så har du Katrine Lunde då.
Keeperveteranen som alltid er der når det verkeleg gjeld. Lunde redda neste skot, men Vipers rota vekk ballen i neste angrep.
– Eg trur vi har ein ro på slutten, sjølv om det vart litt tettare. Litt for nær vart det på slutten, seier Lunde.
– Gjekk sekunda seint på slutten der?
– Eg syns heile andre omgang gjekk seint, ler ho.
Vipers hadde teke ut Lunde av målet, og Györ sette ballen i det tomme målet til 36-35.
Med eit halv minutt att tok Ole Gustav Gjekstad time-out, der dei la ein plan som fungerte.
Anna Vjakhireva dansa gjennom Györ-forsvaret og sette inn 37-35. Finalebilletten var sikra.
– Eg miste ballen to gonger der. Men eg følte meg komfortabel heile kampen, sjølv om eg ikkje var på mitt beste. Men laget gjorde det bra, sjølv om vi fekk ein dupp mot slutten. Men vi klarte det, og det er det viktigaste. Eg er veldig stolt, seier Vjakhireva.
Sjå intervju med Katrine Lunde etter sigeren i semifinalen.
Starta råsterkt
Vipers gjekk ut i hundre i første omgang.
Jamina Roberts sette fleire ballar i nettet, Katrine Lunde redda i andre enden, og leigesoldaten Katarina Jezic på streken kriga i begge endar av bana.
Ti minutt ut i omgangen hadde den rutinerte Györ-trenaren Ambros Martin sett nok og tok time-out. Då leia Vipers 9-5.
Det gav umiddelbar effekt, og i løpet av få minutt var leiinga redusert til to mål.
Frustrerte Györ
Men Vipers har mange strengar å spele på.
Når det tettar seg i midten gav det store rom for Sunniva Nes Andersen på venstrekanten, som gang på gang finta ut Györ-keeper Sandra Toft.
Også Amandine Leynaud prøvde seg i mål for ungararane, men heller ikkje ho hadde dagen.
Ikkje minst gjorde Anna Vjakhireva livet vanskeleg for ungararane, då ho gang etter gang dansa seg gjennom forsvaret.
– Vi har store problem i første omgang. Det er det som beskriv mykje av kampen for vår del. Vi prøver å kjempe oss inn igjen og klarer det nesten. Men eg føler Vipers er betre enn oss i heile kampen, seier Györ-spelar Stine Bredal Oftedal
– Fantastisk omgang
Györ hadde rett og slett store problem med å handtere Vipers-angrepet, og låg under med åtte mål midtvegs i første omgang.
Vipers gjekk til pause med leiinga 23-18.
– Ein fantastisk første omgang. Vipers har skaffa seg ei luke som skal bli ekstremt vanskeleg for Györ å hente inn igjen. Fem mål er vanskeleg, oppsummerte NRKs handballekspert Peder Langfeldt etter første omgang.
Vipers starta også den andre omgangen godt. Dei sette dei to første ballane i mål og leia med sju.
Nervøs avslutning
Men Györ, som fekk fantastisk støtte på tribunen av tusenvis av eigne fans, gav aldri opp.
Midtvegs var dei plutseleg berre tre mål bak. Anne Mette Hansen hadde moglegheit til å redusere leiinga til to mål frå sjumeteren, men Vipers-keeper Sofie Børjesson kom inn og redda.
Vipers heldt stadig unna.
Og dei klarte altså å dra sigeren i land til slutt. Vipers møter anten Esbjerg eller Ferencvaros i finalen søndag.
– Det er det same det. Gullet skal vi ha, seier Vipers-spelar Ragnhild Valle Dahl.
Györ-spelar Stine Bredal Oftedal med skotforsøk.
Sunniva Nes Andersen jublar for Vipers-scoring.
Vipers-spelarane Marketa Jerabkova (t.v.) og Katarina Jezic utfordrar Yvette Broch i Györ-forsvaret.
Vipers-keeper Katrine Lunde jublar for ei av mange redningar i semifinalen.
Györ-spelar Line Haugsted prøver å komme seg gjennom Vipers-forsvaret.
Kring 300 Vipers-supporterar følgde laget på tribunen i Budapest.
Györ-fansen var sjølvsagt langt fleire, då finalespelet går i Ungarn.