– Eg vil ikkje tenke på at det kan bli nummer seks. Eg vil ta ein siger til med laget mitt og ser ikkje på meg sjølv. Eg tykkjer det er finare å tenke på at vi kan ta endå eit trofé med Vipers, seier Vipers-spelar Jana Knedlikova.
I helga skal det avgjerast kven som vinn meisterligaen i handball for kvinner under «final4» i Budapest.
Knedlikova og Nora Mørk har vore lagvenninner i mange år.
I 2017, 2018 og 2019 vann dei meisterligaen med Györ. I 2021 og 2022 tok dei gull med Vipers.
I 2020 vart meisterligaen avbroten på grunn av korona.
Dermed har dei to spelt fem finalar på fem år. Alle er vunne.
– Dette er heilt unikt uavhengig av idrett. Skulle ei av dei få eit nytt gull er nok det ein prestasjon som blir veldig vanskeleg å slå, seier NRKs handballekspert Peder Langfeldt.
EKS-LAGVENNINNER: Nora Mørk (til venstre) og Jana Knedlikova (nedst) har vunne meisterligaen saman fem gonger. Her er dei i Vipers-drakter. I år spelar dei på forskjellige lag under finalespelet i meisterligaen i handball.
Foto: Nikola Krstic / NTB15.000 fans i ryggen
I år spelar dei altså på to ulike lag. Sigersrekkja vil stoppe for minst ei av dei under finalespelet i Budapest.
– Det hadde vore kult med seks på rad. Det er på ein måte opp til meg sjølv. Men mykje kan spele inn. Så det er liksom ikkje opp til meg heller. Eg skal gjere mitt beste, så får vi sjå til slutt, seier Esbjerg-spelar Nora Mørk.
Mørk sitt Esbjerg møter Ferencvaros frå Budapest i sin semifinale. Kampen skal gå i mektige MVM Dome med plass til over 20.000 tilskodarar.
Ferencvaros vil ha 15.000 supporterar i ryggen mot Mørk og co.
– Dei har overraska i år, og med mange tusen fans vil dei få god støtte. Elles er det veldig ope. Både Györ og Vipers har vore veldig gode i år. Eg syns det er vanskeleg å velje ein favoritt, seier Mørk.
GULL: Her løftar Vipers Kristiansand meisterligatrofeet etter at dei slo Györ i finalen i fjor. Med både Mørk og Knedlikova på laget.
Foto: Reuters– Leverer stort sett alltid
Vipers møter Györ i sin semifinale. Laget dei slo i fjorårets meisterligafinale.
– Eg forventar god stemning. Det blir mykje folk. Det blir spennande å utfordre Györ igjen, seier Knedlikova.
Den tsjekkiske landslagsspelaren er gull verd for Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.
Knedlikova spelar sjeldan ein dårleg kamp.
– Ho er ein spelar som er stille og roleg, som gjer jobben og leverer stort sett alltid i dei største kampane, utan å gjere noko stort nummer ut av det.
– Ho er ein arbeidsmaur som har ein god teknikk og veit kva som skal til i den type oppgjer som vi får i final 4, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.
Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad meiner erfaringa til Jana Knedlikova blir særs viktig for Vipers i finalespelet i meisterligaen.
Foto: Sander Heggheim / NRK