– Eg er nøgd med at vi vinn og måten vi vinn på. Då tenkjer eg på korleis vi snur det dei siste par minutta, seier Vipers-trenar Gunnar Pettersen til NRK.
Sørlendingane kom skreiv ut frå start i første omgang. Sju minutt ut i oppgjeret var laget tre mål bak hordalendingane. Men laget kjempa seg tilbake og gjekk til pause med ei solid 16–11 leiing.
– Må luke vekk feil
Alt låg dermed til rette for at Vipers skulle sikre alle poenga mot fjorårets bronsemedaljevinnar.
Men i andre omgang sleppte Vipers Tertnes inn igjen i kampen. Ti minutt før slutt utlikna blåtrøyene i Aquarama.
– Eg er ikkje nøgd med dei første 25 minutta i andre omgang. Vi gjer mange feil og dei må vi luke vekk, seier Gunnar Pettersen.
Tertnes tok over initiativet i kampen og leia med to mål med sju minutt att å spele.
Sekunddrama
To minutt før full tid utlikna Jessy Kramer for Vipers føre eit entusiastisk heimepublikum. Med 45 sekund att å spele utnytta Vipers ein Tertnes-feil og storma i angrep.
Islendingen Thorey Rosa Stefansdottir gjorde ingen feil aleine med keeper og sikra 26–25 siger.
– Eg såg Thorey gå inn og eg ville nesten ikkje sjå på. Det var så skremmande, men det var ein stor lettelse, seier Jessy Kramer.
– Dette var ikkje bra for hjartet. Men det var spennande og publikum var galne. Å vinne med eitt mål er ei fantastisk god kjensle, seier Kramer.
Vipers Kristiansand har fått ein kjempestart på sesongen. Klubben står med tre poeng på dei to første kampane etter å ha møtt to av laga som tok medalje i eliteserien i fjor. I helga spelte dei uavgjort mot Byåsen.