- Send inn din gratulasjon nedst i artikkelen
– Den smakte veldig godt denne også. Så er det jo spesielt sidan det er siste kampen, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.
– Det er ein draum å få lov til å avslutte med ein meisterligatittel, seier han.
Vipers Kristiansand gjorde det «umoglege» mogleg.
Å vinne meisterligaen tre år på rad. Ei bragd få klubbar har klart før.
Anna Vjakhireva og Océane Sercien-Ugolin med det store trofeet.
Foto: Peder Langfeldt / NRK– Det går nesten ikkje an å beskrive kor sterkt dette er. Det er ein enorm prestasjon å vinne tre gonger på rad. Eg er mektig imponert over dette laget, seier NRKs handballekspert Peder Langfeldt.
Györ klarte det mellom 2017 og 2019. Før det må vi tilbake til tidleg på 90-talet, då austerriske Hypo vann fire år på rad.
Det er no berre tre lag som har fleire meisterligatitlar enn Vipers.
Vipers slo ungarske Ferencvaros 28–24 føre 20.000 tilskodarar i Budapest. Det er ny verdsrekord i kvinnehandball.
Sjå intervju med Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.
– Skal feire hardt!
Tuva Høve var høgt oppe då ho traff NRK etter kampen.
– Altså gullet er på plass der det høyrer heime! Eg er så glad eg spelar på dette laget her. Eg skal feire så hardt, seier ei særs glad Høve.
Ho får støtte av Jana Knedlikova.
– Feiringa blir nok tøffare enn kampen, ler ho.
Vann for sjette gang på seks år
Jana Knedlikova tok med denne sigeren sin sjette Champions League-tittel på seks år.
Dei tre første med Györ, og no tre med Vipers:
– Det er sjette gang eg har dette gullet i mine hender og eg er så glad. Det var ein utroleg atmosfære der ute, seier Knedlikova.
– Trudde du dette var mogleg då du valde å gå til Vipers?
– Ja, eg trudde på det, og eg trudde på dette laget.
Meisterligafinalen vart spelt føre 20.000 tilskodarar i MVM Dome i Budapest. Det er ny verdsrekord i kvinnehandball.
Ole Gustav Gjekstad leia Vipers for siste gang. Neste sesong trenar han Odense i Danmark.
Katrine Lunde jublar for redning.
Anna Vjakhireva jublar for Vipers-scoring i finalen.
Ferencvaros-fansen var sjølvsagt i stort fleirtal i heimbyen Budapest.
Jamina Roberts prøver å trenge gjennom Ferencvaros-forsvaret.
Vipers-vingen Tuva Høve jublar for scoring.
Ferencvaros-spelar Antje Angela Malestein prøver å stoppe Sunniva Næs Andersen.
Vipers-supporterar på tribunen under finalen. Rundt 300 hadde teke turen til Budapest.
Tidlegare Vipers-spelar Zsuzsanna Tomori i aksjon for Ferencvaros i finalen.
Eitt mål på 11 minutt
Vipers fekk ein knallstart på kampen.
Ferencvaros klarte berre å score eitt mål på dei ti første minutta. Det kom attpåtil på straffe.
På toppen av det heile var det reservekeeper Sofie Børjesson som stod i mål.
Katrine Lunde sleppte altså ikkje inn eit einaste mål på nesten 11 minutt.
Midtvegs stod det 9–4 til Vipers, etter at Jamina Roberts sette ballen i mål. Då tok Ferencvaros timeout. Det gav umiddelbar effekt.
Ungararane hengde med, og kraup sakte, men sikkert opp i ryggen på Vipers.
Då pausesignalet gjekk hadde leiinga skrumpa kraftig. Vipers leia 14–13.
Håpet vart knust
Heimepublikummet i heksegryta i MVM Dome augna håp om ein overraskande siger mot Vipers.
Men det skulle bli med håpet.
For sørlendingane sette sjekta att i garderoben og fann fram speedbåten.
Dei køyrde kampen frå start. Katrine Lunde plukka skota til ungararane, og offensivt viste blant andre Jamina Roberts korleis det skulle gjerast og Vipers leia plutseleg 19–15.
Knappe fem minutt ut i omgangen miste Ferencvaros ein av sine viktigaste spelarar.
Zsuzsanna Tomori fekk direkte raudt kort etter videodømming.
Dommarane meinte at den tidlegare Vipers-spelaren slo ein Vipers-spelar med olbogen.
Zsuzsanna Tomori fekk direkte raudt kort etter videodømming i meisterligafinalen i Budapest.
Foto: AFPMagi
Etter utvisinga gjekk det meste i stå for Ferencvaros. Trenar Gabor Elek forsøkte å gjere grep då han tok timeout på 20–14.
Men tryllestaven låg truleg att på hotellrommet på spelarhotellet.
For Vipers stengde forsvaret, og Katrine Lunde varta opp med magiske redningar, slik berre ho kan gjere.
I tillegg viste Vipers kvifor dei er verdas beste angrepslag denne sesongen.
– Lunde har ein redningsprosent på nesten 50. Silje Waade hadde fullstendig kontroll på Emily Bölk, som er ein utruleg viktig spelar for Ferencvaros, seier NRK-ekspert Langfeldt.
Ferencvaros fekk aldri tak i dei hurtige beina, dei presise pasningane og dei smarte avslutningane.
Men laget fekk likevel ståande applaus frå godt over 15.000 supporterar. Ferencvaros slo overraskande Esbjerg i finalen.
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett