Hopp til innhold

Vipers heime igjen: – Heilt ubeskriveleg

Handballklubben Vipers Kristiansand kom heim til Sørlandet med det gjævaste trofeet.

Katrine Lunde og Jan Oddvar Skisland

Sjå direktesending frå Kjevik der Vipers-spelarane skal heidrast av supporterane.

Det var Vipers-spelar Silje Waade som fekk æra av å bere det gjeve Champions League-trofeet ut av flyet da det landet på Kjevik i formiddag.

– Det kan ikkje bli betre enn dette! Det er helt ubeskriveleg, sa ho.

Vipers slo Györ i meisterligafinalen føre nesten 15.000 tilskodarar i Budapest søndag.

Måndag kom dei heim til Kristiansand igjen.

Her kjem Vipers-spelar Silje Waade av flyet med det store meisterligatrofeet.

– Godt fornøgd

– Eg er godt fornøgd med fangsten i helga ja, smilte Vipers-keeper Katrine Lunde da ho gjekk av flyet.

Dette er hennar sjette meisterliga-seier, og lagets andre.

– Det blei feira hardt i natt i Ungarn. Vi kjenner det litt på kroppen i dag ja, seier Lunde.

Nora Mørk var tydeleg hås i stemma etter nattas feiring.

– Vi har hatt det veldig bra. Vi har vore oppe til langt på natt og hatt ein skikkeleg bra feiring. Det var sjukt gøy!

– Draum i oppfylling

Meisterliga-trofeet er Nora Mørk sitt sjette.

Korleis er det mogleg?

– Nei det er godt spørsmål, eg har god rutine, og eg er ikkje redd for tape. Eg følte vi var hakket meir rutinerte enn Györ i går. Og vi levere alle saman. Det var ein draum som gjekk i oppfylling, avsluttar ho.

Sjå intervju med Nora Mørk.

Blei heidra

På Kjevik tok supporterar imot gulljentene. Der stod også ordførar i Kristiansand klar med blomster til spelarane.

– Det at verdas beste handballag kjem frå Sørlandet, er vanvitig stort, sa ordførar Jan Oddvar Skisland til NRK.

No lover han fortgang i prosessen med å skaffe ein ny og betre handballhall til laget.

Vi må gå i gang med å finne ut kva ein slik hall skal innehalde. No er vi iallfall i gang med planlegginga, forsikrar ordføraren.

Sjå intervju med kristiansandsordførar Jan Oddvar Skisland.

Går for fleire sigre

Det er andre året på rad at Vipers vinn den gjævaste klubbturneringa i handball. I fjor vart franske Brest slegne i finalen.

Vipers kopierte fjoråret med å vinne både serie, cup, sluttspel og meisterliga denne sesongen.

Trenar Ole Gustav Gjekstad er allereie godt i gang med å tenke framover.

– Eg har jobba mot neste sesong ein stund nå, men skal ha ein liten pause snart.

Er det mogleg å kopiere dette?

– Ja det er mogleg. Men eg har fått beskjed om at Györ skal gjere det verre for oss neste sesong.

Vipers Kristiansand står no med fire medaljar internasjonalt. To gull og ein bronse i meisterligaen. I tillegg har dei ein sølvmedalje i EHF-cupen.

Les også Gulldronninga med stikk til Gÿor etter meisterliga-tittelen

Lunde

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %