Hopp til innhold

Vil bygge opp igjen etter brannen

Verdiar for millionar av kroner har gått opp i røyk etter brannen i kafé- og restaurantbygget på Hove leirsenter. Restauranteigar Rose vil starte på nytt.

Brann Hove

Det var vanskelege sløkkeforhold på Hove tysdag føremiddag, og det gjorde jobben til redningsmannskapa vanskeleg.

Foto: Janne Read

Sigmund Rose i Arendal er prega, men optimistisk etter at kafé- og restaurantbygget han dreiv på Hove i Arendal brann ned denne veka.

– Heldigvis er det mest tallerkenar, glas og ting som er borte. Ingen menneskeliv er tapte, seier han.

Rose driv Arendal Catering og han leiger bygget som brann ned av Hove Drifts- og Utviklingsselskap AS som er eigd av Arendal kommune.

Les også Branngater skal sikre trehusbebyggelsen

Vil sikre trehusbebyggelsen i Ny-Hellesund, branngater

– Endeleg gjekk det betre

Politiet fekk melding om brannen like etter klokka 10.00 tysdag føremiddag.

Leirsenteret blir brukt både til leirskule, sommarleirar og stemne. Friluftsområdet gav også namn til Hovefestivalen, som i mange år var ein av Noregs største musikkfestivalar.

– Eg har aldri opplevd noko så dramatisk før. Vi har brukt eit år på å komme oss på beina etter pandemi og krig i Ukraina, og så skjer dette, sukkar Rose.

Han overtok i 2019 og har brukt bygget til å lage mat til ei rekke ulike arrangement og søndagsbuffé.

– Vi har nokre tusen leirskuleelevar som kjem hit om vel ei veke. Heldigvis har eg fleire kjøkken vi kan bruke andre stader. Så dei skal få mat, ler han.

Brann Hove

Leirsenteret blir brukt både til leirskule, stemne og sommarleirar. Bygget som brann hadde rundt 200 sitteplassar.

Foto: Olav Svaland

Rundt 300 arrangement blir ramma

Rose forklarer at det som regel står eit par-tre menneske på jobb nesten døgnet rundt og lagar mat og bakar på Hove-kjøkkenet.

– Neste veke er det Spis-ute-uka Arendal. Då skal det produserast ganske mykje mat. Alle avtalebøkene og pc-ane mine der alle arrangementa er registrert er borte. Det blir ein stor jobb å få oversikt igjen, seier arendalitten.

Kva kan du seie til sommargjestene og dei som er vande til å besøke Hove på dagtid?

– Vi skal ha eit mat-opplegg på plass raskt. Så det blir ikkje noko problem, seier Rose.

– Kva er draumen din om kva skal bli her i framtida?

– Etter å ha vore der ute i mange år så har eg blitt veldig glad i Hove-området og alt det som skjer der, så eg vil at det skal byggast opp igjen, seier han.

Rose får støtte hos dagleg leiar Terje Stalleland i Hove drifts- og utviklingsselskap som uttaler seg til Agderposten:

– Vi skal bygge det opp igjen. Vi må det, seier han.

Les også Bytter eiendomsskatt mot brannsikkerhet

Brannvesen i Grimstad - kommunen gjør utradisjonelt grep for brannsikkerhet

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %