Vil bli avhøyrt fredag
Mannen som er sikta for å ha stukke bror sin med kniv på Vanse i Farsund vil bli avhøyrt i løpet av fredag. – Eg kan førebels ikkje seie noko om motivet til dette, seier politiadvokat Berit Voxen til NRK. Mannen som vart knivstukke er livstrugande skada.