Hopp til innhold

Livstrugande skada etter knivstikking

​Mannen som vart knivstukken på ein parkeringsplass på Vanse i Farsund torsdag føremiddag er livstrugande skada. Dei to mennene er brødre, ifølgje politiet.

Knivstikking på Vanse

Episoden skjedde på parkeringsplassen utanfor Coop Xtra på Vanse.

Foto: Kristine Sterud/NRK

– Fornærma fekk ein alvorleg skade og har blitt operert i ettermiddag. Situasjonen er per no stabil, men livstrugande, seier politiadvokat Berit Voxen til NRK.

Gjerningsmannen vart pågripen utan dramatikk tidlegare på dagen. Han er sikta for forholdet.

– Eg kan førebels ikkje seie noko om motivet til dette. Sikta er førebels ikkje avhøyrt. Han vil bli avhøyrt i morgon, seier Voxen.

Politiet melde først at mannen var lettare skada etter knivstikkinga.

– Begge dei to er kjenningar politiet, seier lensmann i Lyngdal, Anne Margrethe Ruud til NRK.

Etter å ha fått behandling på sjukehuset i Flekkefjord vert tilstanden no altså beskrive som livstrugande.

Episoden fann stad på ein parkeringsplass i Vanse sentrum.

Vanse
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %