Hopp til innhold

Ulykkesbil var ombygd og trafikkfarleg

Statens havarikommisjon for transport har slått fast at ulykkesbilen i Trybakken i Søgne var trafikkfarleg. Fire ungdommar døydde i ulykka på E39 i september 2010.

Dødsulykke Søgne

GRANSKING: Statens Havarikommisjon sler fast i ein rapport at bilen, etter dødsulykka i Trybakken i 2010, var trafikkfarleg.

Foto: Jan Inge Thomassen/NRK

Kommisjonen skriv i sin rapport at personbilen var ombygd med senkesett som var justert lågare enn det som var godkjent.

Krevjande å køyre

I tillegg var det ikkje montert godkjende dekk og felgar. Kommisjonen peikar også på at høgre bakdekk var nedslite. I tillegg var støytdemparane på høgre side defekte.

– Ombygginga og manglane på personbilen medførte at denne vart svært krevjande å køyre, spesielt for ein uerfaren førar, skriv Statens havarikommisjon for transport i sin rapport.

Det var to 18-åringar og 20-åringar som sat i personbilen. Bilen kolliderte front mot front med ein trailer.

Var ikkje rusa

Havarikommisjon starta gransking av ulykka i desember 2010.

Fire veker etter ulykka konkluderte politiet med sjåføren av bilen, ein 18 år gammal mann, var påverka av alkohol.

Seinare vart dette trekt tilbake, då det viste seg at alkoholen var danna i kroppen i tidsrommet frå føraren døydde til prøvene vart tekne.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %