Hopp til innhold

TV2: 14-åring døydde av drukning

Alma Gabriela Knutsen døydde av drukning. Det stadfestar lensmannen i Søgne og Songdalen overfor TV2.

14 åring i Søgne

14-åringen vart funne død i Søgneelva 29. august.

Foto: ROAR TOLFSEN/N247.NO

– Den førebelse obduksjonsrapporten konkluderte med at jenta døydde av drukning. Det er også konklusjonen etter at den 14 år gamle guten har erkjent å ha teke livet av henne, seier lensmann Terje Pedersen til TV2.

NRK har førebels ikkje lukkast i å komme i kontakt med nokon i politiet si etterforskingsgruppe fredag ettermiddag.

Drepen av jamaldring

Den 14 år gamle jenta vart funne død i Søgneelva laurdag 29. august. Då sa politiet at dei ikkje hadde mistanke om at det hadde skjedd noko kriminelt med 14-åringen.

Nesten to veker seinare informerte politiet pressa om at ein jamaldrande gut har erkjent å ha drepe 14-åringen.

Politiet har førebels ikkje ville seie noko om motivet for drapet. Men dei sa på pressekonferansen torsdag kveld at det hadde vore usemje mellom dei to.

Det er gjort funn på åstaden ved Søgneelva, som stemmer med opplysningane som guten har gitt til politiet i avhøyr.

Involvert i skyteepisode

Fredag føremiddag kom det fram at den drapsmistenkte 14-åringen tidlegare har vore i kontakt med både politi og barnevern.

I april i fjor var guten involvert i ein episode er ein annan 14-årig gut vart treft av eit vådeskot med hagle. Før dette hadde 14-åringen og to jamaldrande teke seg inn i eit hus der dei stal tre hagler og ammunisjon.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %