Hopp til innhold

Tidlegare festivalsjef vil gjere heimbyen meir synleg

Han jobba for Quartfestivalen i 15 år. Nå har han starta i jobben som kultursjef i heimkommunen Lillesand.

Toffen Gunnufsen, ny kultursjef i Lillesand kommune

Gunnufsen har lang erfaring innan festival- og kultursektoren. Han har tidlegare jobba for Quartfestivalen i Kristiansand, Hovefestivalen på Tromøya i Arendal og Skral i Grimstad.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Vi har Sup & Stup i juli. Så har vi LillesandsDa'ene som går over ei veke, seier den ferske kultursjefen i Lillesand kommune, Toffen Gunnufsen.

I Lillesand skjer det mykje om sommaren. Men kulturlivet er også rikt utanom sommarsesongen, meiner kultursjefen.

Les også Grev fram 200 år gammal park: – Ei stoltheit for Lillesand

Bjørn Anders Fredriksen arbeider med utgraving av den over 200 år gammel Møglestu Park

Ei omstridd tilsetting

Da det blei offentleggjort at 62-åringen fekk jobben som kultursjef, var det ikkje berre applaus å få.

At «festival-legenda» var den av 19 søkarar som fekk jobben, har blitt kritisert. Blant anna har fleire personar frå kulturmiljøet i Lillesand delt misnøya si i Agderposten.

Noko av kritikken går ut på at dei meiner bakgrunnen hans frå kulturlivet ikkje er brei nok med tanke på kva ein kommune skal tilby.

Gunnufsen svarar at jobbing med musikkfestivalar slett ikkje berre handlar om å jobbe med musikk.

Frå den bransjen har han 30 års erfaring.

Han var med på å arrangere både Hovefestivalen på Tromøya i Arendal og Skral i Grimstad.

Men mest kjent er han kanskje for dei 15 åra sine i Quartfestivalen i Kristiansand.

Podkasten «Quarten – skandalefestivalen» finn du nedst i artikkelen.

Les også Kastar rekordlite søppel: - Ein føregangsfestival

Sigrid på Ravnedalen Live

Ny overskrift

Innbyggarar i Lillesand har nokon tankar om kva dei håpar av den nye kultursjefen.

– Eg håpar han kan halde ved lag eit vidt spekter innan kultur. Det gjeld både klassisk musikk, kulturskolen og korlivet, seier Anne Gerd Monstad.

Toffen Gunnufsen ny kultursjef i Lillesand

Anne Gerd Monstad håpar Gunnufsen kan vareta eit vidt spekter innan kultur.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Litt lenger nede i gata finner vi Stian Tungland på kafeen han er dagleg leier for.

Han trur det er ein fordel at Gunnufsen er profilert og har vore i «gamet» lenge.

– Eg håpar han kan sette Lillesand på kartet, og at han opprettheld tilbodet av kunst og kultur lokalt, seier Tungland.

Les også Hotellet sparer strøm, men gjestene merker det ikke

Strand hotell sparer strøm. 
Hotelldirektør Bodil Langerak og vaktmester.

Vil gjere det enklare

Etter berre nokre dagar i jobben har Gunnufsen klare tankar om kva han vil gjere.

– Eg håpar å kunne legge til rette for at folk kan komme til byen, og at det skal vere lett å arrangere ting her.

Han fortel om korleis dei før i tida opplevde å måtte gå gjennom mange instansar for å sette i gang arrangementa sine.

– Her skal vi legge til rette for at det er enklast mogleg å komme med gode idear.

Toffen Gunnufsen, Festivalsjef, Slottsfjellfestivalen

Gunnufsen var festivalsjef for Slottsfjell i Tønsberg i 2021.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Gunnufsen trur det kan vere vanskeleg for folk å finne ut av kva som eigentleg skjer i kommunen.

– Det må eg prøve å få løfta fram da, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %