NRK Meny
Normal

To ØIF-spelarar på årets lag

Både Sondre Paulsen og Svenn Erik Medhus kom på årets lag i eliteserien i handball.

Sondre Paulsen og Svenn Erik Medhus (ØIF Arendal)

ÅRETS LAG: Sondre Paulsen (t.v) og Svenn Erik Medhus kom med på årets lag 2010/2011.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Svenn Erik Medhus vart kåra til årets målvakt. Sondre Paulsen vart for andre året på rad kåra til årets høgre kantspelar.

Paulsen har hatt ein kjempesesong i ØIF-trøya, noko resulterte i at han fekk vere med på landslaget som deltok i VM i Sverige tidlegare i år.

– Best i eliteserien

Også Medhus har levert særs gode prestasjonar i ØIF-buret gjennom heile sesongen. Sisteskansen har også fått skryt frå trenar Leif Gautestad tidlegare denne sesongen.

– Svenn Erik er den beste målvakta i eliteserien. Det er utruleg viktig å ha ein trygg og god keeper bakerst. Det betyr ekstra tryggleik for forsvaret, sa Leif Gautestad til NRK.no tidlegare i år.

Heidi Løke (Larvik) og Erlend Mamelund (Haslum) vart dei store vinnarane på prisutdelinga. Løke fekk prisen som årets linjespelar, årets toppscorar, sesongens spelar for kvinner og årets handballprofil.

Mamelund fekk prisane som årets venstre bakspelar, årets toppscorar og sesongens spelar for menn.

Årets lag, menn:

Målvakt: Svenn-Erik Medhus (ØIF Arendal)
Venstre bakspelar: Erlend Mamelund (Haslum)
Midtspelar bak: Trym Bilov-Olsen (Runar)
Høgre bakspelar: Kent Robin Tønnesen (Haslum)
Venstre kant: Andre Lindboe (Elverum)
Strekspelar: Einar Sand Koren (Haslum)
Høgre kantspelar: Sondre Paulsen (ØIF Arendal)

Sesongens nykommar: Joar Gjerde (Viking Stavanger)

Sesongens trenar: Tom Eirik Skarpsno (Haslum).

Årets lag, kvinner:

Målvakt: Cecilie Leganger (Larvik)
Venstre bakspelar: Karoline Næss (Stabæk)
Midtspelar bak: Stine Bredal Oftedal (Stabæk)
Høgre bakspelar: Linn Jørum Sulland (Larvik)
Venstre kant: Linn Gosse (Tertnes)
Strekspelar: Heidi Løke (Larvik)
Høgre kant: Nora Mørk (Larvik)

Sesongens nykommar: Ramune Pekarskyte (Levanger)

Sesongens trenar: Håvard Mamelund (Stabæk)