Ulykka skjedde ved Furuholmen i Kristiansand.
Dei to unge jentene vart lettare skada, men får behandling på sjukehuset i Kristiansand.
– Det ser ut til å ha gått mykje betre enn det de første meldingane inn til politiet gav inntrykk av, seier operasjonsleiar Sveinung Alsaker.
Frå Rogaland
Ulykka skjedde etter at to båtar kolliderte. Ifølgje politiet skal den eine båten ha vore uoppmerksam og kollidert med ein annan båt.
– Den vesle båten har køyrd i den store og truleg ikkje sett den store, seier innsatsleiar på staden, Øyvind Hægeland.
Totalt skal det ha vore åtte personar i dei to båtane til saman.
I den eine båten var det fem personar frå Rogaland. Der var i denne båten dei to jentene som er sende til sjukehus sat i.
Ikkje høg fart
Det var også ein vaksen og to andre mindre ungar i denne båten. Dei kom uskadd frå hendinga.
Minst éin person hamna i sjøen.
Politiet vart varsla om ulykka ved 12.30-tida onsdag ettermiddag.
Alle involverte skal, etter det politiet kjennar til, ha brukt redningsvest. Det er ikkje mistanke om høg fart.
Fekk slepehjelp
Både politi, ambulanse, brannvesen og eit Sea King-helikopter reiste til staden. Dei første meldingane gjekk ut på at tre personar var medvitslause.
Seinare opplyste politiet at to personar vart slått medvitslause i kollisjonen. Men alle vart ved bevisstheit då dei blei frakta til sjukehuset.
Det var fleire vitne til hendinga. Desse hjelpte til med å slepe båtane til land. NRK får opplyst på staden at båtførarane sjølv var i stand til å føre båtane til land.
– Vi har ikkje detaljar om kva som har skjedd, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Sveinung Alsaker.
NRK oppdaterer saka.