Tek grep for å få fleire lærarar i mat og helse
Universitetet i Agder opnar for at ein kan kombinere emnet Mat og helse 2 med ein heiltidsjobb.
– Det kan vere vanskeleg å setje jobben på vent i ein periode medan ein tek etter- og vidareutdanning. Vi ville gjere det meir fleksibelt for lærarar som ønskjer meir utdanning i faget mat og helse, seier førsteamanuensis Margrethe Røed i ein pressemelding.
Ein rapport frå SSB viser at over halvparten av lærarane som underviser i mat og helse, ikkje har studiepoeng i faget.