Hopp til innhold

Svindel i byggjebransjen: Tilbyr falske tenester til byggjefirma på Sørlandet

Fleire firma innan bygg og anlegg på Sørlandet har den siste tida fått besøk av folk som tilbyr seg å slipa bor og sagblad, utan at tenestene er bestillt. No åtvarar politiet mot svindlarar i byggjebransjen.

Verktøy ligger på et stillas på en byggeplass.

Verktøy på byggeplass.

Foto: Stian Espeland

Politiet i Agder har i seinare tid motteke fleire førespurnader frå firma innan bygg og anlegg, som har vorte kontakta av det som truleg er svindlarar.

Ei rekkje firma har vorte kontakta av personar frå eit firma som tilbyr ulike tenester som sliping av bor, sliping av blad og sag og liknande utan at slike tenester er bestillt.

Oppsøkt på arbeidsplassen

– Somme bedrifter har takka ja til tenester frå det aktuelle firmaet, seier politioverbetjent Eirik Berg Thorsrud ved førebyggjande seksjon i Agder politidistrikt.

Han har vore i kontakt med fleire bedrifter som har vorte oppsøkte på arbeidsplassen.

– Tilbydarane har kravd oppgjer same dag som fakturaen vart levert. Bedriftene skal då ha oppdaga at dei tilbodne tenestene er bedrageri og at jobben ikkje er gjord i samsvar med avtale.

– Når dei omreisande personane blir konfronterte med dette blir dei hissige og opplevast som svært pågåande og har ei truande åtferd, seier Thorsrud.

Har vore fleire stader i landet

Politiet meiner det aktuelle firmaet som tilbyr dei falske tenestene også har vore andre stader i landet.

– Politiet tilrår auka varsemd viss ei bedrift skulle bli oppsøkt av personar som tilbyr slike tenester, seier Thorsrud.

Politiet oppmodar og til auka varsemd når det gjeld å sikra eigne gjenstandar på byggjeplassen, då det har vore fleire innbrot på byggjeplassar i Agder i seinare tid.

– Det er uvisst om dette kan setjast i samanheng med dei omreisande personane som tilbyr desse tenestene, men det er på sjølvstendig grunnlag grunn til å minna bedriftene om dette, seier Thorsrud.

Skulle ei bedrift bli oppsøkt av ein slik type verksemd, ønskjer politiet å bli varsla og å få så mykje informasjon som mogleg. Type bil, kjennemerke og beskriving av personar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %