Hopp til innhold

Stor nedgang i import av varer

Det blir importert langt færre varer til Sørlandet og resten av landet. Det merkar ein både i hamnar og på vegar.

Containerhavn Kristiansand

Det har vore ei nedgang i import til Noreg.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

– Folk kjøper mindre, og det byrjar dei store importørane å merke, seier hamnesjef i Kristiansand Atle Kristian Johannessen.

Kristiansand Konteinarhamn er ein av Noreg sine største, men no er nedgangen i trafikken merkbar.

I importhamner langs heile Oslofjorden er tendensane dei same. Sidan nyttår har det vore ein nedgang i konteinartrafikken på mellom 20 og 30 prosent.

– Det kan bli eit sjokk om dette utviklar seg, og det kan bli ein bråstopp, seier Johannessen.

Havnedirektør Atle Kristian Johannsessen

Alf Kristian Johannessen er hamnedirektør ved kontainerhamna i Kristiansand.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Sel mindre klede, sko og konsumvarer

Nedgangen i konteinartrafikken reflekterer nedgang i import av varer til Noreg.

Klede, sko og konsumvarer har hatt eit kraftig fall sidan i fjor.

– Det heng saman med at det går svakare i norsk økonomi. Veksten har stoppa opp, seier Øystein Dørum, direktør samfunnsøkonomi i NHO.

Han peikar på at fallet kjem litt av at vareforbruket hadde ein kraftig auke i pandemiåret 2020. Når økonomien vart opna opp, gjekk forbruket frå varer til tenester.

– Det kjem også av at me får dårlegare råd. Reallønna har gått ned, i tillegg har me fått renteaukar på toppen. Alt dette heng saman, seier Dørum.

Les også Butikker opplever mer nasking: – Folk stjeler smør og melk

Bjørn Sture Aas, sikkerhetsrådgiver, KRG Vakthold

Nedgang i tungtransport

Også langs vegane merkar ein at nordmenn handlar mindre varer.

Transportøkonomisk institutt har registrert ein nedgang i tungtransport i alle landsdelar.

– Dette er jo ønskt frå Noregs Bank. Dei ønskjer å dempa den samla etterspurnaden i økonomien, seier samfunnsøkonom ved Universitetet i Agder, Kjetil Andersson.

Les også Folk handler mindre – tar uvanlige grep for å øke salget

Skeidar rentefri nedbetaling

At ein reduserer kjøp av varer og tenester frå utlandet er naturleg, meiner han.

Dørum peikar også på at det er eit ønskt utvikling, men peikar også på at utviklinga er uønskt fordi den norske krona er svakare, som igjen gjer importen dyrare.

Containerhavna i Kristiansand

Kontainerhamna i Kristiansand.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %