Solid innsats av Valle

Valle skule plasserte seg heilt i toppen etter innsatsen i Klassequizen onsdag.

Det var Gunn Hoftuft, Eirik Unneland og Johan Homme som representerte skulen frå Aust-Agder.

Kontroll på matte

I den første kategorien trekte laget kategorien «Bil». Her måtte elevane mellom anna bruke mattekunnskapane sine. Laget vart spurt om følgjande: ein bil køyrer 350 kilometer med ein snittfart på 70 km/t, kor lang tid tek turen?

10.-klassingane frå Valle svarte fem timar, som er riktig. Til saman vart det 2 av 4 poeng i den første kategorien.

I kategori nummer to dukka «Sur» opp på lappen som vart trekt. Eit av spørsmåla var kva to frukter som gir smak til brusa Sprite. Trioen svara lime og sitron, som sjølvsagt er heilt riktig. I den andre kategorien fekk laget med seg full pott, nemleg 4 av 4 moglege poeng.

I den tredje og siste kategorien var tema «Stein». Blant spørsmåla var kva heiter den norske alpinisten som tok OL-gull i alpint i Oslo i 1952. Valle-elevane svara Stein Eriksen, som også er riktig. Til saman 3 av 4 poeng i den siste kategorien.

9 av 12 poeng

Samla fekk Valle skule med seg 9 av 12 poeng i den innleiande runden i Klassequizen.

Klassequizen er ein landsomfattande konkurranse der kvart fylke har sine innleiande rundar. Dei beste laga frå dei innleiande rundane går vidare til lokale finalar.

Til slutt møtest dei lokale vinnarane i nasjonal finale på TV i mai 2013.

Terminliste Klassequizen NRK Sørlandet 2012/2013

Skule

Kommune

Dato/Poeng

Byremo ungdomsskole

Audnedal

 

Vennesla ungdomsskole

Vennesla

 

Birkenlund ungdomsskole

Arendal

 

Asdal skole

Arendal

 

Haumyrheia ungdomsskole

Kristiansand

 

Fiskå ungdomsskole

Kristiansand

 

Valle skule

Valle

 

Bygland skule

Bygland

 

Lista ungdomsskole

Farsund

 

Flekkefjord ungdomsskole

Flekkefjord

 

Grimstad ungdomsskole

Grimstad

 

Arendal International School

Arendal

 

Tinntjønn skole

Søgne

 

Tangvall skole

Søgne

 

Risør ungdomsskole

Risør

 

Åmli skule

Åmli

 

Havlimyra ungdomsskole

Kristiansand

 

Skarpengland ungdomsskole

Vennesla

 

Holviga ungdomsskole

Grimstad

 

Fjære ungdomsskole

Grimstad

 

Holte skole

Kristiansand

 

Finsland skole

Songdalen

 

Blomdalen skole

Mandal

 

Hisøy skole

Arendal

 

Evje ungdomsskole

Evje og Hornnes

 

Karuss skole

Kristiansand

 

Vigvoll skole

Kristiansand

 

Stinta skole

Arendal

 

Lyngmyr skole

Tvedestrand

 

Tonstad skule

Sirdal

 

Kvinlog skule

Kvinesdal

 

Nedenes skole

Arendal

 

Engesland skole

Birkenes

 

Songdalen ungdomsskole

Songdalen

 

Vassmyra ungdomsskole

Mandal

 

Å ungdomsskole

Lyngdal

Berge ungdomsskole

Lyngdal

6. februar

Lokale finaler

Kristiansand

Uke 7