Hopp til innhold

Slik takla dei sorga

To mødrer fortel om den intense sorga det er å miste eit barn. Liv Ellen Omdal miste dottera i ei trafikkulykke. Ada Sofie Austegard si dotter vart valdteken og drepen. Dei fortel si historie for å hjelpe andre før vi går inn i julefeiringa, som kan bli tøff for mange.

Liv Ellen Omdal

SORG: Liv Ellen Omdal besøkjer grava til dottera Jannicke. Dottera døydde 15 år gammal i ei trafikkulykke.

Foto: Sander Heggheim/NRK

9. april 1999

Like før midnatt går Liv Ellen og legg seg, men ho får ikkje sove. Ho er alltid litt uroleg når minstejenta Jannicke er ute.

Ein time seinare høyrer ho ein bil ute på tunet. «Jentene er heime», tenkjer ho og står opp igjen. Storesøstera til Jannicke kjem inn i huset saman med kjærasten.

– Kvar er Jannicke, spør Liv Ellen.

– Mamma. Det har skjedd ei alvorleg trafikkulykke. Dei trur at Jannicke var i den eine bilen, seier dottera.

– Slutt opp med det. Slutt å skremme meg på den måten.

Noko er gale.

Få minutt seinare ringjer det på døra. Presten står der. Liv Ellen går rett ned på kne.

– Nei. Ikkje du!

13. desember 2011

Liv Ellen Omdal

MINNER: Liv Ellen Omdal les gode minner i ei minnebok som vart lagt ut etter Jannickes død. – Det blir både tårer og latter når eg les i boka, seier ho.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg forstod ikkje med ein gang kva som hadde skjedd. Eg var i ein slags sjokktilstand. Eg hadde jo eit håp om at ho skulle komme inn døra å seie ”Hei hei, her er eg”.

Det er over 12 år sidan ulykka som snudde opp ned på livet til familien Omdal. I løpet av sekund, tidelar, hundredelar var dottera borte. For alltid. Fire var blitt til tre.

– Eg hadde ikkje trudd at eg skulle komme meg gjennom dette. I starten handla det berre om å overleve. Korleis eg skulle komme meg gjennom dagane og åra som eg visse låg føre meg, fortel ho.

Vi sit i ei julepynta stove. Det heng fleire bilete av ei smilande og blid Jannicke på veggane i stova.

– Det var som å få fødselen i revers. Når eg fødde Jannicke byrja det med vage smerter og dei auka i intensitet til å bli veldig smertefullt. Å miste Jannicke var motsett. Det var intense smerter. Så minka dei og pausane vart lengre og lengre, seier ho.

Krisepsykolog Atle Dyregrov ved Senter for Krisepsykologi seier det er ei vanleg utvikling.

– Tida er din beste ven. Over tid vil sorga bleikne og det vil bli lettare. Dei fleste returnerer til eit meir normalt liv, men tenkjer meir på den dei har mista når det er høgtidsstunder og merkedagar som dødsdag og bursdag, seier han til NRK.no

Liv Ellen Omdal

Liv Ellen viser fram eit bilete av dottera. På bilete er dottera saman med hunden henner Rocky. Rocky døydde fire månader etter Jannickes død. – Han var heilt ifrå seg, og vi prøvde all mogleg medisins behandling, seier ho.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Mora fortel om eit spesielt augneblink då ho skulle sjå Jannicke etter ulykka. Saman med ektemannen Jan Egil måtte dei gå forbi fødestova inn til kapellet på sjukehuset.

– Eg tenkte at «det er jo ikkje lenge sidan eg fødde deg. No skal eg sjå deg død», seier ho.

Familien på tre opplevde ei utruleg støtte frå lokalbefolkninga i etterkant av ulykka. Kjende og ukjende kom på døra for å vise si medkjensle. Men Liv Ellen var ute av seg og fekk nesten ikkje i seg mat dei to første vekene. I ettertid har svigermora fortalt at ho var livredd for at også Liv Ellen skulle døy, av sorg.

Kom på rett veg

– Men etter ei tid sette eg meg ned saman med mannen min. Vi fann tre punkt som vi vart særs bevisste på. Vi visste vi var avhengige av søvn. Vi visste at vi måtte ete for å få oss næring. Og vi visste at vi trengde luft, seier ho.

Mora brukte naturen. Ho gjekk lange turar. Fekk luft. Ho fann roa og freden ute i naturen. Vener og familie «tvinga» ho med ut på gåturar. Ho byrja også å tenkje på korleis ho skulle klare å gå vidare.

– Kva skulle eg svare når nokon spurte om eg hadde barn? Eg bestemte meg for å svare at eg har født to døtrer og mista ei. Jannicke vil alltid vere me oss, smiler ho.

Grava til Jannicke Omdal

GRAVA: «En del av vårt hjerte er revet ut, det blir ikke helt før vi møtes hos Gud», står det på grava til Jannicke.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sørlandsfamilien førebur si 12. jul etter Jannicke sin død. Dei tre første åra var verst. No går det betre. Sorga har gått gradvis over. Julaftan skal familien på grava og tenne lys. På juletreet vil det henge pynt, som Jannicke har laga. I tillegg er julepynten, som Jannicke hadde på rommet sitt, flytta inn i stova.

– I dag sit eg att med eit sakn. Eit vemod og ein sterk kjærleik til jenta eg har mista. Ho er framleis ein del av meg og familien. Ho vil alltid vere det. Vi har mange gode minner og tankar. Men den intense sorga har heldigvis sleppt taket. Eg kan få eit sterkt vemod, tårer og sakn, men ikkje så intense smerter, seier ho.

19. mai 2000

– Den første jula gjekk veldig fint. Men det var veldig rart å ha eitt barn mindre å kjøpe julegåver til. Men eg var oppteken av at dei to andre barna skulle få ei god jul, seier Ada Sofie Austegard.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ada Sofie har det travelt. Ho har mykje å gjere før jul. Men ho tek seg tid til å dele sine tankar rundt åra som har gått. Om vårdagen i mai som snudde livet hennar og familien opp ned.

Den åtte år gamle dottera Stine Sofie skulle berre bade i det populære friluftsområdet Baneheia i Kristiansand. Ho var saman med den ti år gamle venninna Lena Sløgedal Paulsen.

Jentene reiste heimefrå ved 18.30-tida. Same kveld vart det sett i gang leiteaksjon. To dagar seinare vart dei funne. Valdtekne og drepne. Først tre månader seinare vart drapsmennene arrestert.

– Eg var oppteken av at svora på ribba skulle bli sprø. Eg var oppteken av at vi skulle ha det koseleg. Eg heldt meg i veldig aktivitet heile tida. Eg var budd på at jula kunne bli tøff, seier ho.

– Det eg ikkje var budd på var når eg skulle rydde vekk den første jula. Då gjekk eg rett i bakken bokstaveleg tala. Eg låg i fosterstilling på golvet og berre grein. Det var forferdeleg, for det hadde eg ikkje budd meg på at kunne vere tøft, seier ho. Tårene pressar på.

Ada Sofie Austegard

SAKN: Ada Sofie Austegard fortel at sorga gradvis har gått over til eit sakn etter dottera Stine Sofie.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ho peikar stadig på det å førebu seg på situasjonar som kan oppstå som viktig i sorgprosessen. For Ada Sofie var ikkje høgtid og bursdag dei verste dagane.

– Folk ventar at det å rydde bort ting, bursdagar og høgtider skal vere ille. Du har ikkje opplevd det og tenkjer at det må vere det verste. Men det verste for meg var måndagen, kvardagane som ikkje var noko spesielle, seier ho.

Krisepsykolog Atle Dyregrov er samd med Ada Sofie i at førebuing på dei tunge stundene er viktig i sorgprosessen.

– Ein må vere klar over at det blir tunge stunder. For det blir det. Er ein budd på det kan det blir lettare å takle. Men det er umogleg å førebu seg på alt, seier han.

Stine Sofie Sørstrønen

SORG: Ada Sofie snakkar om sorga etter tapet av dottera Stine Sofie. Bilete er teke 17. mai 2000, berre to dagar før ho vart drepen.

Foto: Privat / SCANPIX

Sjølv har Ada Sofie fleire tradisjonar i samband med jula. Øvst på juletreet heng det alltid ei ramme med eit bilete av Stine Sofie.

– Det tok jo ikkje lang tid før den andre dottera mi kom med eit bilete av seg. Så det er bileta av begge jentene mine, smiler ho.

I tillegg heng ho alltid opp to englar, som Stine Sofie laga som 8-åring.

– Dei er ikkje spesielt fine, ler ho.

– Ho teikna og klipte dei ut. Ho var ikkje kjend for å vere så nøye. Det gjekk veldig fort. Men dei må eg alltid henge opp på veggen på ein spesiell stad, smiler ho.

I dag har Ada Sofie eit godt liv. Ho har to barn og ein spennande jobb. Midt i den tyngste sorga såg ho mørkt på livet.

– Eg trudde aldri at smerta skulle forsvinne. Eg er utruleg takksam over livet i dag. Eg har eit fantastisk liv. Tida er din beste ven. Det blir betre, men livet blir annleis. Såra vil til dels gro, men det vil alltid vere eit arr, som til tider vil vere ganske betent, seier ho.

22. juli 2011

– Det er no det er verst. Dei første vekene og månadene var eg i ein sjokktilstand. No er ting i ferd med å gå opp for meg. Kva vi har gått gjennom. Det er mykje verre å vakne opp no, enn dei to første dagane etter at det skjedde, seier 18 år gamle Emma Martinovic frå Vennesla.

Emma overlevde marerittet på Utøya. Det pregar livet hennar. Både natt og dag.

Video Første julen etter Utøya

VIDEO: En rekke familier må nå gjennom sin første jul etter å ha mistet sine på Utøya. En av dem er familien til Aleksander Aas Eriksen. (Arkiv, 17. desember 2011)

69 uskuldige ungdommar vart drepne. 66 skada. Sjølv sleppte Emma unna med eit streifskot i armen. Ho kjende ikkje smerte. Heller ikkje det kalde vatnet når ho la på sym vekk frå marerittet på Utøya.

18-åringen er sliten. Sliten heile tida. Sorga over venene som var borte tek på. Utad framstår om som særs sterk. Inni rasar tankane. Plutseleg kan ho sjå bilete inni seg av flukta for livet. Og den intense redselen.

– Det er vanskeleg å sove. Tankane kjem meg ein gang. Det blir mange tårer. Det hender at eg må tømme meg for tårer før eg klarar å sove, seier ho.

– Eg tenkjer på framtida. Korleis eg skal komme tilbake til ein normal kvardag. Eg er lei av å gråte. Eg er lei av å vere trist og sint, fortel ho.

Emma Martinovic

I SORG: Emma Martinovic blar i minneboka ho er i ferd med å lage. Her samlar ho bilete frå dei siste dagane og timane før 22. juli. – Eg ventar på å fullføre minneboka. Kripos har beslaglagt kameraet for å gå gjennom bileta. Når eg får dei skal eg gjere boka ferdig, seier ho.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Berre dagar etter Utøya-tragedien snakka Emma om det uverkelege, som vart verkeleg, på riksdekkjande fjernsyn. Heile Noreg stod stille. Alle følte sympati med ungdommane som opplevde skytedramaet. No skal ho feire si første jul utan venene, som brått og brutalt vart rivne bort.

– Eg gruar meg ganske mykje. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal halde med til jula etter dette. Eg tenkjer mykje på familiane til dei som ikkje fekk sine heim, og korleis dei føler det, seier ho.

Atle Dyregrov møtte sjølv fleire pårørande etter Utøya på ei samling i november.

– Ein må anerkjenne at det vert ei vanskeleg julefeiring. Det vil bli annleis enn dei tidlegare feiringane. Jula er ei familehøgtid der saknet er sterkt. Men det er viktig å gi sorga ein plass, seier han.

Atle Dyregrov

PSYKOLOG: Atle Dyregrov rår deg som har mista nokon om å førebu deg på at det vil komme mange tøffe dagar.

Foto: NRK
Emma Martinovic

GRUAR SEG TIL JUL: Emma fortel om tøffe dagar med mange tårer. – Eg tenkjer mykje på familiane til dei som mista sine, seier ho.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Stian Tobiassen

ULIKE: Psykolog Stian Tobiassen seier at alle har sin måte å takle sorg på.

Foto: Privat

– Kanskje en plass utanom julekvelden. Ein kan til dømes gå på grava vesle julaftan eller tidlegare på dagen. På den måten kan ein kanskje frigje meir glede. Det er spesielt viktig dersom det er barn i familien, legg han til.

Emma er glad for å høyre historiene til mødrene som mista det kjæraste dei hadde. Ho er glad for å høyre at det er mogleg å komme seg på beina igjen.

– Det viser at det går over. Sjølv om det høyrest ut som små ord, viser det at det går over. Dei får sikkert ”flashback” i ny og ne. Men det viser at om du klarar å ta vare på det gode, går det vonde raskare bort. Eg tek til meg alle tips og råd, men akkurat no er det tungt uansett, seier 18-åringen.

Psykolog Stian Tobiassen har forska på sorgprosessar hos mødrer som har fått barn drept i kriminelle handlingar. Han tykkjer det er vanskeleg å komme med konkrete råd og tips til foreldre, søsken, eller andre som mista sine kjære.

– Ta imot hjelp

– Det handlar om å få moglegheit til å sørgje. Det må vere ro nok til å komme i posisjon til å ta ut kjensler og prate med nokon, seier han.

Tidlegare delte psykologar sorg inn i ulike fasar. Men dette har ein gått bort ifrå fordi sorg vert opplevd så forskjellig frå person til person. Mange opplevde at deira sorg vart ”unormal”.

– Utviklinga av intensiteten er veldig forskjellig frå person til person. Nokre opplever at sorga forsvinn. Andre opplever at sorga vert redusert i styrke. Andre opplever at sorga tek ei anna vending. Det vil seie at sorga vert meir retta mot sakn, eller at ein ikkje lenger definerer det som sorg, seier han.

– Ein fekk ein prosess der ein opplevde at ein ikkje sørga «riktig». I dag snakkar vi om sorg som ein individuell prosess. Det fins ein hovudregel: det er like mange måtar å sørgje på, som det fins sørgjande, seier psykologen.

For deg som kjenner, eller veit om nokon som har mista sine nære kjem Liv Ellen med følgjande råd:

– Det kan vere eit lite smil. Eller eit klapp på skuldra. Du treng ikkje å seie noko. Eit smil kan seie så mykje, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %