Hopp til innhold

Slik fann ØIF tilbake til vinnaroppskrifta

Ekstra fokus på målvakt- og forsvarsspel den siste tida gjorde at ØIF Arendal nærast køyrde over Bodø søndag kveld. Der sikra dei to poeng som kan bli livsviktige i kampen om å overleve i eliteserien i handball.

ØIF Arendal

Knalltøft forsvarsspel og godt målvaktspel gav ØIF-siger mot Bodø søndag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi har gått gjennom oss sjølve gang på gang på kva vi ynskte å betre oss på, seier trenar Asle Gran til NRK.

Det som skulle bli ein jubelsesong og edelt metall har i staden enda med kamp om å unngå nedrykk. Klubben sparka Leif Gautestad i desember etter dårlege resultat. Sidan det har Asle Gran, som tok over som trenar, leita febrilsk sigersoppskrifta.

Svenn Erik Medhus

ØIF-målvakt Svenn Erik Medhus spelte ein kjempekamp mot Bodø.

Foto: Sander Heggheim/NRK

I sigeren mot Bodø søndag kveld fekk publikum sjå eit ØIF-lag, slik vi normalt kjenner dei. Aggressive og tøffe i forsvar, og ikkje minst solid målvaktspel av tidlegare landslagsspelar Svenn Erik Medhus.

Hadde tre strake tap

– Vi har jobba med forsvarsspelet. Tidlegare har motstandarane våre visst at det var jækla vondt å komme inn i forsvaret vårt. Dei visste at dei ville få seg ein karamell. Det var det vi ville finne tilbake til, seier Gran.

– Vi har blitt ståande for langt inne i forsvar. Mot Bodø kom vi oss ut og vi fekk gitt dei nokre karamellar. Dermed vart forsvaret langt betre i staden for at vi vart skote i senk, seier trenaren.

Arendalittane hadde spelt tre strake kampar utan å vinne før dei slo Bodø i Sør Amfi. Samstundes overraska Nøtterøy då dei slo serietrear Bækkelaget på bortebane. Det betyr at ØIF framleis ligg berre eitt poeng over kvalifiseringsplass.

– Slitekamp deluxe

Neste motstandar er nettopp Nøtterøy på bortebane neste helg.

– Det er vanskeleg. Det blir ein slitekamp deluxe. Så kjem Elverum her i Sør Amfi, så er det Falk og Follo. Det blir knalltøft, men vi skal stå imot og vise at vi vil vere med på dette nivået, seier Gran.

Det er Falk og Follo som ligg på nedrykksplass fem serierunde før slutt.

Asle Gran

Trenar Asle Gran på sidelinja mot Bodø søndag kveld.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vil ikkje «friskmelde» ØIF

– Det viktigaste no er at vi tenkjer ein kamp av gangen. Det er meir viktig enn nokon gang. For at vi skal overleve må vi i alle fall ta poeng mot laga som ligg bak oss, seier målvakt Svenn Erik Medhus.

Trenar Asle Gran er klar på at det er for tidleg å «friskmelde» ØIF Arendal.

– Det må vi sjå etter 26. mars, seier han og tenkjer på siste serierunde mot Bækkelaget i Sør Amfi.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %