Hopp til innhold

Skal finne årsaka til jordbærkrisa

Jordbærbønder har fått klart nei til erstatning etter store tap. No skal soppen gråskimmel analyserast for å finne ut om den er resistent mot sprøytemiddel.

Et jordbær angrepet av soppen gråskimmel

Jordbær angripe av gråskimmel. Dette er eit vanleg syn i mange jordbæråkrar sør i landet.

Foto: IDA DE ROSA/NRK

– I løpet av sommaren skal vi ta naudsynte prøver. Resultata får vi litt ut på nyåret. Vi håpar det skal vere nok til å formidle kunnskap om situasjonen til neste sesong, seier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Terje Halleland (Frp) til NRK.

Statssekretær Terje Halleland (Frp) møter Norges Bondelag og Agder Bær og Grønt AS i Landbruks- og matdepartementets lokaler i Oslo mandag ettermiddag.

Terje Halleland (Frp) er statssekretær i Landbruks- og matdepartementet.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Tidlegare denne veka hadde Landbruksdepartementet eit møte med Bondelagdet og Agder Bær om jordbærkrisa.

Der fekk bøndene eit nytt nei til økonomisk erstatning.

Milliontap for jordbærbønder

Soppen gråskimmel har øydelagd jordbær for fleire millionar kroner. Nokre jordbærbønder anslår at så mykje som 80 prosent av bæra er øydelagde.

Gråskimmelen vart først registrert i Agder og Rogaland. Seinare har den spreidd seg også til andre fylke.

Ekspertar og bønder fryktar at soppen er resistent mot sprøytemiddel. Det er dette dei no skal finne svar på.

Det er Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norsk Landbruksrådgivning som skal stå for undersøkinga. Dei skal ta prøver frå kring 20 ulike jordbæråkrar på Agder.

– Vi ventar endeleg svar på om soppen er resistent i januar eller februar, seier Halleland.

– Kva skjer om det viser seg at soppen er resistent mot sprøytemiddel?

– Då må vi ha andre sprøytemiddel. Det må bli litt av svaret slik at produsentane kan få ei fagleg tilbakemelding på bruk av plantevernmiddel, og korleis ein skal gå fram vidare, seier han.

Sa nei til tiltakspakke

Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet har bede Landbruksministeren om ei ekstraordinær tiltakspakke til jordbærbønder som er råka. Dette har landbruksminister Jon Georg Dale sagt nei til.

– Sopp er ein risiko som følgjer med desse produksjonane, og det må produsentane sjølv ta, sa Dale tidlegare i sommar.

Det blir heller ikkje løyvd ekstra pengar forskingsprosjektet.

– Det er nok snakk om omdisponering av tidlegare løyvde pengar til NIBIO, seier Halleland.

Det pågår allereie liknande undersøkingar i Hedmark, Oppland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. No vert også Agder-fylka inkludert.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %