Hopp til innhold

Sjiraffsegling: Ny sjiraff i land etter reise med Superspeed

No er ein høg, ung sjarmør i Kristiansand. Den nye sjiraffen til Dyreparken reiste over dammen med danskebåten.

Sjiraffen på danskebåten

Sjiraffhengeren er spesiallaga: Fire meter høg og tre meter lang og han blir køyrt av eit firma som er ekspertar på å transportere dyreparkdyr.

Foto: Dyreparken

Dyreparken i Kristiansand har no sikra seg ein sjiraff frå Danmark.

Toåringen reiste med ferja frå Hirtshals.

– Den har vore roleg under transporten, men han har aldri reist på ein tilhengar før så det er nok litt skummelt, seier biolog Helene Axelsen frå Superspeed.

Sjiraffen er 3,5 meter høg og kjem frå dyreparken i Aalborg.

Den skal bli ein del av Dyreparkens sjiraffbestand, som består av éi mor og éi dotter.

Sjiraffkalven nyfødt

Her er et bilde av da den vesle sjiraffkalven blei fødd. No skal han stifte familie på Sørlandet.

Foto: Aalborg Zoo

Sette sjøbein

Sjiraffen og den store tilhengjaren, som måler 4 meter i høgda og over 3 meter i lengda, køyrde inn på ferja som aller siste bil.

Sjiraffen blir frakta i ein spesielt tilpassa hengjar, og reiser ifølgje med biolog og dyrepassar frå Dyreparken.

– Tilhengaren er oppvarma så den kjenner ikkje kulden og har det fint, seier Axelsen.

Det er ikkje så lett å transportere ein sjiraff, og ifølgje folket til dyreparken så tok det litt meir tid å få sjiraffen inn på ferja.

Det er vanskeleg å berekne kor lang tid noko slikt vil ta, og denne gongen tok det noko lengre enn det vi hadde planlagt for, seier marknads- og kommunikasjonsdirektør i Dyreparken Anniken Bjørnstad Schjøtt.

I tillegg til dette var det noko forseinkingar i tollen, og alt dette førte til nokre nervepirrande minutt der dyrepassar frykta at dei ikkje ville rekke ferjeavgangen.

Sjiraff i henger

Sjiraffen var ikkje heilt klar for å dra frå Danmark og brukte lang tid før han gjekk inn på hengjaren. Men så rulla hengjaren gjennom tolla.

Foto: Dyreparken

Håpar på søt musikk

Etter planen skal den unge karen bli eit avlsdyr, når han er klar for det.

Men først skal han få tid til å finne seg til rette og bli kjent med den nye flokken sin.

Frå før av har Dyreparken to sjiraffar, Mindy og Sjira, begge hoer. Det er først i fire–fem årsalderen at hannen blir kjønnsmoden.

Sjiraffen er av underarten Rothschildsjiraff. Den er ein del av eit bevaringsprogram for arten.

Kanskje får dyreparken også tilsendt ein sjiraff-kjærast etter kvart.

Sjiraffen vil bli sett inn til dei andre, men med barriere. På den måten kan dei bli kjende med kvarandre først. Etter kvart vil barrieren opnast.

Les også Lover tiltak etter at sjiraffen Melvin døde

SJIRAFF DRAMA

Treng eit namn

Dyreparken opplyser at sjiraffungdommen kan bli heile 5,7 meter lang når han er fullvoksen.

No treng han eit namn som kling.

Det vil Dyreparken finne ut av når dei får han og blir betre kjende med han.

Og, vi må vente litt før vi får sjå han, for heilt i starten skal han skjermast. Etter kvart kan folk komme og sjå han i sjiraffstallen, og på savannen når vêret blir varmt nok.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %