– Ei dame stod på ein veranda og hadde eit våpen som såg ut som ei rifle i handa. Då mannen snudde seg vekk høyrde han eit skot, og såg at kvinna sikta på han,opplyser politiet i sin logg.
Mannen gjekk heim og tok kontakt med politiet, som sende ut væpna mannskap.
– Leilegheita vart gjennomsøkt, men var tom for folk. To personar var pågripne like ved staden klokka 20.03, opplyser politiet.