Hopp til innhold

Start eitt poeng unna opprykk - vil ha fulle tribuner og lovar festfotball

Midtstoppar Jesper Mathisen vil fylle Sør Arena neste helg, når Start kan sikre opprykket mot Sandefjord.

Jesper Mathisen

OPPRYKK: Jesper Mathisen og Start kan sikre opprykk når dei møter Sandefjord neste helg.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Eg forventar at det blir 12 000 supporterar på tribunen og utselt Sør Arena, seier Mathisen til NRK.no.

Søndag kveld var han med på å sikre sesongens 18. siger, då laget slo Alta 2–0 i Finnmark. Dermed er eitt poeng nok til å sikre opprykk til eliteserien heime på Sør Arena mot opprykksrival Sandefjord neste helg.

Cupfinale

– Det er atskilleg kjekkare å spele slike kampar enn å reise opp til Alta i tre dagar å spele på ei elendig kunstgrasbane, seier han.

– Det er ein kamp vi gler oss veldig til og det blir som ein cupfinale for oss. Eg håpar berre at så mange som mogleg vil vere med på festen, seier Mathisen.

Start måtte kjempe for sigeren i Finnmark. Etter at Gudmundur Krstijansson gav gultrøyene leiinga etter 18 minutt bølgja kampen fram og tilbake. Fem minutt før slutt fekk innbyttar Fredrik Strømstad prøve seg. Kristiansandaren trengde berre tre minutt på å få ballen i nota.

– Vil feie dei av bana

– Det var ellevill jubel og høg stemning. Vi spelar ingen stor kamp, men det var tre poeng som galdt i dag og det fekk vi, seier Start-spelaren.

No lovar Mathisen festfotball og eliteserieretur mot Sandefjord neste helg.

– Vi skal spele om opprykk. Vi har store planar om å feie dei av bana og spele ein feiande flott fotballkamp. Så vi satsar på at alle tek med seg ein nabo eller to og går på kamp og kosar seg, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %