Hopp til innhold

Start skal auke budsjettet med 15 millionar kroner

1. divisjonsklubben førebur seg på eliteseriespel neste sesong. No legg klubben opp til ei auke på inntektssida på 30 prosent, samanlikna med 1. divisjonsbudsjettet.

Start

OPPRYKK: Start ligg godt an med tanke å opprykk til eliteserien og førebur seg allereie no på eliteseriespel neste sesong.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Det er stor skilnad på økonomien i 1. divisjon og eliteserien. Vi meiner at inntektsskilnaden ligg på cirka 15 millionar kroner, seier dagleg leiar og eigar av Start, Magne Kristiansen til NRK.no.

Magne Kristiansen

Magne Kristiansen

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Start toppar 1. divisjonstabellen og har stø kurs mot eliteserien. Klubben ligg ni poeng føre Sandefjord på kvalifiseringsplass.

Kristiansen gjer det klart at klubben framleis ikkje er klar for opprykk.

– Gode nok for eliteserien

– Eit opprykk vil bety meir folk på kampane, høgare sponsorinntekter og meir inntekter frå medieavtala. Det er ein heilt annan kvardag, seier Kristiansen.

Sørlendingane rykte ned frå eliteserien etter fjorårets sesong. Denne sesongen har klubben jobba med eitt mål for auge, nemleg å gå rett opp igjen i toppdivisjonen. Difor har serieleiaren jobbar med kartlegging av spelarar som vil forsterke stallen det siste halve året.

– Vi har ei førsteellevar som held meir ein god nok eliteseriestandard. Men i sum må stallen styrkast og det jobbar vi med og har jobba med lenge, seier han.

– Vi har god oversikt over marknaden. Vi har følgt godt med i den norske marknaden, både i 1. divisjon og i eliteserien. Vi har kontakt med nokre få agentar som vi kjenner godt og veit kva vi treng og som vi kan stole på, seier han.

Ser etter «lure» signeringar

Men med ein skral økonomi har ikkje klubben råd til feiltrinn. Difor ser Kristiansen etter billege spelarar.

– Vi prøvar å vere smarte. Vi leitar primært etter gode spelarar som er på utgåande kontraktar i andre klubbar. Spelarar som vi kan hente til klubben utan å måtte betale overgangssum, seier Kristiansen.

– Vi prøvar å få tak i gode og dyktige spelarar utan å sprenge banken. Vi må få dei inn på fornuftige lønningar. Du ser jo til dømes på dei to islendingane vi henta på lån. Dei har vi opsjon på å kjøpe. Dei har bidrege sterkt på treningsfeltet og ute på bana. Det er det eg kallar å få mykje ut av lite, seier han.

Matthias Vilhjalmsson har blitt ein kjempesuksess i gult og svart og er toppscorar i 1. divisjon med 16 mål så lang denne sesongen.

Matthias Vilhjalmsson

SUKSESS: Start-angriparen Matthias Vilhjalmsson har bøtta inn mål for Start denne sesongen.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

– Attraktiv klubb

Kristiansen meiner også at Start framleis er ein attraktiv klubb.

– Vi ser det på interessa. Vi ser at Start har ein god posisjon i Norge. Det trur eg også agentane snakkar om. Dei ser at spelarar som kjem inn får utlandet vert tekne godt imot og vert følgt godt opp og dei trivst. Slike ting spreier seg, seier han.

– Lønsmessig ligg vi omtrent midt på treet når det gjeld kvar vi vil vere i eliteserien. Vi kan ikkje konkurrere med dei store klubbane i landet endå. Men i forhold til dei i det neste sjiktet følgjer vi det lønsnivået som ligg der, seier Kristiansen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %