– Eg er veldig takksam for at skulen har fått tak i denne maskina, fordi den er jo ganske dyr, seier Hanne Farestad Skofteland.
Ho er VG2-elev ved teknologi- og industrifaglinja på Mandal vidaregåande skole.
Sveiseroboten framfor henne, som skulen fekk for berre få månader sidan, har ho sjølv vore med på å programmere.
Skulen i Mandal satsar nemleg stort på å gjere programmering og robotar til ein del av skulekvardagen.
Hanne Farestad Skofteland observerer roboten hun selv har vært med på å programmere. VG2-eleven ved Mandal videregående skole er veldig fornøyd med ressursene hun får på teknologi- og industrifaglinja.
Simon Grimestad går på VG1 ved teknologi- og industrifaglinja. Han har fordypet seg i 3D-printing, og bruker gjerne fritiden sin på å lære mer om faget.
Marius B. Flakk viser hvordan en av de andre robotene skolen har fungerer. Denne roboten plukker opp en stålplate, legger den i en maskin som bøyer stålplata, plukker den opp igjen og legger det ferdige produktet i en samlebøtte.
Tidleg ute
– No var vi jo ganske tidleg ute med dette, i alle fall dei første på Sørlandet. Vi håpar jo at industrien vil følgje etter. Og kanskje vi kan lære opp nokre operatørar til desse maskinene, seier Lars Dyrstad, som er lærar på linja.
Han seier roboten har komme for å bli.
– Så må vi bruke han for det han er vore. Men ein robot blir aldri betre enn den som bruker han, seier Dyrstad.
I tillegg til automatisering og programmering av robotar, er elevane òg innom 3D-utskriving.
– Det set oss jo i ein moderne situasjon, elevane skjønner at det dei lærer her er det dei får bruk for når dei kjem ut i ei bedrift, seier rektor ved Mandal VGs, Oddvar Haaland.
Både elevar og lærarar ved teknologi- og industrifaglinja i Mandal har skjønt at roboten høyrer framtida til.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRKLigg bak andre nordiske land
Det nasjonale senteret for innovasjon innan mekatronikk i Grimstad heiar på initiativet i Mandal.
– Eg trur det kan auke rekrutteringa til den typen vidare utdanning med at dei då har ei større forståing for kva det inneber og kva moglegheiter det gir, seier Lene Merethe Liodden, dagleg leiar ved Mechatronics Innovation Lab.
Liodden fortel at Noreg ligg bak andre europeiske land når det gjeld automatisering. Spesielt ligg vi bak dei nordiske naboane våre.
– Skal vi klare å behalde og å skape nye arbeidsplassar i Noreg så blir teknologi og automatisering svært viktig å ta i bruk i bedriftene, seier ho.