Hopp til innhold

Rektor sluttar etter språkstrid

Kommunestyret Åmli vedtok å byte frå nynorsk til bokmål som hovudmål i grunnskulen. Det heile enda opp med ei språkdeling i skulen. No har rektoren ved Åmli skule sagt opp.

Hege Lauvland, faksimile Åmli Avisa

SLUTTAR: Rektor ved Åmli skule, Hege Lauvland, sluttar etter språkstrid i kommunen.

Foto: Faksimile, Åmli Avisa

I mai vedtok kommunestyret 9 mot 8 stemmer å byte hovudmål frå nynorsk til bokmål. Ein månad seinare vart det avgjort at elevane kan halde fram med det hovudmålet dei har starta på i alle teorifag. Det er dette rektoren reagerer på.

Har ikkje tru på splitting

– Eg hadde ingen problem då kommunestyret vedtok deling i norskfaget i mai, slik at alle kunne halde fram med hovudvalet sitt i norsk. Men då dei den 24. juni vedtok full deling i alle fag, etter at dei var ferdig med alle tilsetjingar og ferien var begynt, då..., ristar rektor Hege Lauvland på hovudet, ifølgje Åmli Avisa.

– Lærarane har teke dette sporty, eg har vore lojal mot vedtaket og skulen har gjennomført det raskt. Men som skuleleiar har eg ikkje tru på denne splittinga, og eg kan ikkje jobbe mot overtydinga mi, seier ho.

I nokre av faga har elevane sine foreldre blitt samde med skuleleiinga om at bokmål- og nynorskbrukarane skal vere saman - altså bokomålsbrukarar og nynorskbrukarar i same klasserom.

Treng klassemiljø

– Det går fint med full språkdeling når klassane er store nok til at det blir ti i kvar gruppe. Men grupper på tre-fire-fem elevar skurrar for meg. Eg meiner barn treng eit sosialt klassemiljø, seier rektoren.

– Korleis har det vore å ha kommunestyret som arbeidsgjevar?

– Krevjande. Kommunestyret har ikkje skapt forutsigbare rammer for oss å jobbe under, meiner Lauvland.

Sjølv har ho fått ny jobb som seniorrådgjevar i Aust-Agder fylkeskommune. Der skal ho drive sakshandsaming og tilsyn.

Startar i ny jobb

– Eg ser fram til å starte i ny jobb, på eit nivå eg ikkje har erfaring frå. Men eg har mykje erfaring frå den andre sida av bordet, ettersom vi har hatt seks tilsyn i dei tre åra eg har vore i Åmli, seier ho.

Ho har opplevd språkdebatten som tung.

– Det har vore mykje jobb og eg har hatt problem med å kople ut jobben på fritida. Særleg tida med språkdebatt og alt ekstraarbeidet det førte med seg, var strevsamt. Eg vil at dottera mi skal ha ei mamma som ikkje berre tenkjer jobb, seier ho.

Rektorstillinga i kommunen er lyst ut på nytt.

– Det er ein spennande jobb, og ei heftig tid som vi hadde under språkdebatten blir det neppe igjen, seier ho.

Rektoren ynskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %