NRK Meny
Normal

Pølse-NM skal setje bygda på kartet

– Mange kommunar brukar for mykje tid på uvesentlege ting, seier Arbeiderparti-politikar Tore Konnestad. Han kjem frå Åmli kommune i Aust-Agder som ligg på uføretoppen i landet. Konnestad etterlyser nytenking i norske kommunar.

Tore Konnestad

PØLSE-ELSKAR: Arbeiderparti-politikar Tore Konnestad etterlyser nytekning i norske kommunar. I Åmli vil han arrangere pølsefestival for å skape liv og røre. På bilete ser du den tidlegare verdsmeisteren i pølseeting innta ei pølse i heimbygda.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Utfordringane står i kø her i Åmli. Eg likar at ting skjer rundt meg, og det er kjekt å kunne gjere ting som andre tykkjer er artig å drive med. Så er bygdefolket litt trege av seg. Det må vi gjere noko med, seier Konnestad til NRK.no.

Konnestad er blant anna kjend for pølseeting. I 1985 sette han verdsrekord då han åt 25 pølser på 2.58 minutt.

– Eg hugsar at eg ikkje fekk fri frå jobb den dagen, så eg måtte gjere det i lunsjen. Men det gjekk fint. Eg har aldri blitt dårleg etter å ha ete så mange pølser, seier han.

Video Tore Konnestad

VIDEO: Sjå planane Tore Konnestad har for Åmli.

– Treng litt action

Ap-politikaren har alltid vore glad i pølser, og det var i Oslo det starta for alvor. Han var saman med ein kameratgjeng då ein av kameratane utfordra Konnestad og eigaren av eit gatekjøken.

– Kameraten min gav eigaren 200 kroner og ba om at eg skulle få ete så mykje eg kunne for det. Eg åt vel 42 pølser på cirka fem minutt. Då vart vi nesten jaga ut. Då var eg mett, ler Konnestad.

No vil Konnestad setje Åmli på kartet med å arrangere eit pølse-NM. Han meiner at innbyggjarane treng eit avbrekk frå kvardagen.

– I ei bygd får du ikkje mykje gratis. Du må lage alt sjølv. Eg ser jo at mange får ei oppleving for fjorten dagar ved å reise ein tur til Arendal. Det er jo ei heilt anna verd. Vi blir litt isolerte her. Då treng vi at det skjer noko, for eg innbiller meg at folk tykkjer det er morro å få til saker og ting, seier han.

– I mange kommunar brukar ein mykje tid på å diskutere små ubetydlege ting. Her i Åmli diskuterte vi i lang tid om vi skulle ha nynorsk eller bokmål i skulen. Det går ikkje mykje framover når du brukar mykje tid på slik, seier Konnestad.

Avisoppslag etter VM i pølsespising

MERKSEMD: Konnestad har teke vare på avisoppslag etter verdsrekorden då han åt 25 pølser på under tre minutt.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Eldresenter med gondolbane

Konnestad er kjend for å tenkje nytt. Tidlegare i år kom han med forslag om å innføre gratis bleier for å få fleire til å flytte til Åmli. I mai vart forslaget nedstemt i kommunestyret. I tillegg har han ei rekkje andre idear for kommunen.

– Eg vil ha ein campingplass med bubilar. Eg ynskjer verdas første eldresenter i verda med gondolbane frå inngangen til kvileheimen og opp til det høgste fjellet, seier han.

– Trur du det er realistisk å få til ei slik gondolbane?

– Eg har sjekka litt rundt og komme fram til at det vil koste minimum 15 millionar kroner og maks 30 millionar å byggje ei slik. Det vil nok bli vanskeleg for kommunen å drifte ei slik aleine, så det må nok andre inn også, seier han.

– Men det er ikkje umogleg å få det til. Ein vil jo kunne kombinere det med turisme og dei eldre får kanskje oftare besøk av barnebarna, smiler han.

– Korleis vert slike idear møtt?

– Eg føler at mange tykkjer det er gøy. Det vert litt smil og latter, men så kokar det vekk. Men eg ser at fleire innser at vi er nøydde til å tenkje nytt. Vi må gjere det attraktivt å bu her for dei som allereie er her. Samstundes må vi gjere det attraktivt for folk som vil flytte hit, seier han.

Tore Konnestad

GONDOLBANE: Tore Konnestad vil lage ei gondolbane frå eldresenteret til fjelltoppen like bak sentrum i Åmli. - Det vil koste mellom 15 og 30 millionar å byggje ei slik bane, seier han.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Reise på pølseturné

Eit pølse-NM er altså til no siste idé frå Konnestad, noko han så absolutt ikkje er ukjend med. I samband med verdsrekorden reiste han på ein eigen «pølseturné» på Vestlandet, der han fekk omtale i dei største riksavisene.

– Eg åt pølser annankvar dag, men eg vart aldri dårleg. Det handlar om å berre «stu på», så kjem du etterkvart til eit punkt der du må tygge. På dei første 15-20 pølsene hadde eg vel eitt tygg i kvar pølse. Så hadde eg ketchup på kvar fjerde for å få litt variert smak, seier han.

Konnestad har også god erfaring med andre matkonkurransar:

  • Han har ete 3 sitronar på 11 sekund
  • Han har ete 20 kokte egg på 42 sekund
  • Det lokale sangkoret i Åmli sette ny verdsrekord i sang «non-stop» på 23 timar og eitt minutt
  • Har vunne VM i rømmegraut

– Om vi skal få til eit pølse-NM må vi lage ei ramme rundt arrangementet. Det må vere noko meir enn sjølve konkurransen. Så kvifor ikkje lage ein eigen pølsefestival. Det er viktig at vi får med folk utanifrå. Det er jo litt av poenget. Å setje Åmli på kartet, seier spør han.

– Må tore å tenke nytt

Ap-politikaren har allereie vore i kontakt med ein pølseprodusent for å lodde stemninga for eit slikt arrangement.

– Dei er positive til ein pølsefestival, seier han.

No oppfordrar han andre kommunar til å tore å tenkje nytt.

– Vi har framleis ein del å gå på her i Åmli når det gjeld å tenkje nytt, men mykje har skjedd sidan 1996 då eg kom hit. Eg trur mange småkommunar vil tene på å tenkje heilt nytt. Om du har ti idear og det berre vert noko ut av to av dei har det iallefall skjedd noko, seier Konnestad som er Arbeiderpartiet sin tredjekandidat i Åmli.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.