– Eg meiner dette er framtida for Åmli, nemleg barn. Difor har vi kalla konseptet up and go, seier kommunestyrerepresentant, Tore Konnestad (Ap) til NRK.no.
I dag har kommunen for få barnefødslar til å halde folketalet oppe. Det vert kun fødd 15 ungar i året i kommunen.
- LES OGSÅ: Lokker lærere med 40 000 ekstra
– Dette er seriøst meint. Eg trur det er eit håndslag til dei som allereie har produsert barn her, og ikkje minst dei som i framtida kan tenkje seg å setje barn til verda i kommunen. Vi ynskjer sjølvsagt fleire barnefamiliar til kommunen, seier han.
Vil snu trenden
Arbeiderparti-politikaren meiner gratis bleier og gratis barnevogn er det som skal til for å snu trenden og få opp folketalet. Han har fått mange gode tilbakemeldingar på forslaget.
– Det har nesten teke heilt av. Eg tippar eg har fått mellom 40 og 50 telefonar. I tillegg har eg fått mellom 70 og 90 meldingar på mobilen, seier han.
Også foreldre i Åmli trur bleiegåva kan bety noko.
– Ja, vi brukar mykje pengar på bleier. I alle fall når vi blir to, seier Rakel Birkelid Søraker.
- LES OGSÅ: Vil lokke folk ut på tur
Gratis bleier vil koste drøye 160 000 kroner i året for kommunen og skal også bidra til å støtte dei lokale matbutikkane.
– Kan hjelpe
– Eg trur ikkje gratis bleier aleine vil få folk til Åmli, men det kan nok hjelpe, seier Vanja Liane.
– Kva trur du vil hjelpe mest?
– Jobb, ein stad å bu. Akkurat det har vi ikkje flust av her i Åmli. Så det er nok noko dei må jobbe meir med, seier ho.
Trur du gratis bleier og barnevogn vil gi fleire barn til Åmli kommune? Sei di meining!