Hopp til innhold

Sa nei til gratis bleier

Kommunstyret i Åmli kjem ikkje til lokke småbarnsforeldre til kommunen ved hjelp av gratis bleier.

Sa nei til gratis bleier i Åmli

NEI: Kommunestyret i Åmli gjekk ikkje inn for gratis bleier til nye innbyggjarar i kommunen.

Foto: Svein Sundsdal/NRK/Scanpix - Montasje: Sander Heggheim/NRK

I eit kommunestyremøte torsdag vart det avgjort at kommunen ikkje tek seg råd til å dele ut gratis bleier.

Politikarane sa i tillegg nei til å gi 5000 kroner i tilskot til barnevogn.

– Det er flott at folk kjem med slike gode idear, for vi treng dei. Men eg trur ikkje dette er tingen som verkar. No skal vi i staden komme på besøk med ein blomst eller ein velkomstpakke, seier varaordførar Margit Smeland (Sp) til NRK.no.

«Up and go!»

Kommunen hadde tidlegare ei velkomstpakke til tilflyttarar. Denne vert no funne fram igjen. Den inneheld eit velkomstbrev, nyttig informasjon, krus, handkle og diverse andre effektar.

Det var Ap-politikar Tore Konnestad som kom med forslaget i februar i år. Bakgrunnen var at kommunen slit med å få folk til å flytte til Åmli.

– Eg meiner dette er framtida for Åmli, nemleg barn. Difor har vi kalla konseptet «up and go», sa kommunestyrerepresentant, Tore Konnestad (Ap) til NRK.no.

Kommunen har i dag for få barnefødslar til å halde folketalet opp. Det vert kun fødd 15 barn i året i Åmli.

Gratis bleier ville ha kosta kommunen rundt 160 000 kroner i året.

Tellef Olstad

STARTPAKKE: Ordførar Tellef Olstad med startpakken som no vert innført på nytt i Åmli.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Rådmannen sa nei

Rådmann Bjarte Nordås gjekk tidlegare denne månaden imot gratis bleier. Han trur ikkje gratis bleier i seg sjølv vil lokke folk til kommunen.

– Etter mi meining er det fire ting som er viktig for at folk skal flytte til Åmli. Kommunen sin attraktivitet, arbeidsplassar, familiær tilknyting og kommunal infrastruktur, sa Nordås til NRK.

♦ Høyr ordførar Tellef Olstad (Sp), Ole Martin Retterholt (Frp) og Reidar Saga (Ap) snakke om framtida til Åmli etter kommunstyremøtet torsdag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %