Hopp til innhold

Politiet meldt etter sal av beslaglagt hummar

Miljøvernforbundet er sjokkert over at politiet i Agder selde kring 180 kilo hummar dei beslagla i ei kriminalsak. Riksadvokaten er varsla om saka.

Stort hummerbeslag i Grimstad

Kring 180 kilo hummar som stammar frå beslag politiet har gjort er levert til eit fiskeutsal. Over 100 kilo er allereie selt.

Foto: Jørgen Ree Wiig / Fiskeridirektoratets sjøtjeneste

– Vi er ikkje sjokkert over at dei finn ulovleg hummar. Men at dei vel å selje hummarane er det absurde. Det er heilt uforståeleg for normale menneske, seier leiar i Norges Miljøvernforbund Kurt Oddekalv.

Hummaren stammar frå beslag politiet har gjort. Ein yrkesfiskar i Grimstad er sikta for ulovleg hummarfiske. Fiskaren skal ha hatt fleire hundre ulovlege teiner.

Kring 180 kilo hummar er levert til eit fiskeutsal.

– Når dei vel å selje fangsten blir denne saka totalt latterleg. Eg syns det er forkasteleg heile greia. Difor har vi meldt Agder-politiet. Vi meiner dei må vite kva dei gjer for noko, seier Oddekalv.

Kurt Oddekalv på Hordfast-befaring

Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund er særs kritisk til at politiet selde beslaglagt hummar vidare.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Ville ta høgde for erstatningskrav

Norges Miljøvernforbund har meldt Agder-politiet inn til Riksadvokaten. Det er Spesialeininga for politisaker som skal behandle saka. Dei har førebels ikkje fått den på sitt bord.

Agder politidistrikt opplyser til NRK at dei ikkje vil kommentere saka på noverande tidspunkt.

Men i eit tidlegare intervju gjorde miljøkoordinator i Agder politidistrikt, Torvild Selvås, greie for kvifor hummaren enda opp i ein fiskedisk.

– Vi måtte ta høgde for eit mogleg erstatningskrav frå fiskaren dersom vi sleppte dei ut igjen, sa han.

Vurderinga om kva som skulle gjerast med hummaren som vart selt vart gjort saman med Kystvakta og Fiskeridirektoratet.

– Hummaren burde ha blitt sleppt ut igjen på ulike stader, og krabbeteiner burde ha vorte aksjonert vekk. At ein truga art som vert beslaglagt vert selt er totalt forkasteleg og skammeleg, seier Oddekalv.

Atle Nilsen

Atle Nilsen er leiar i Fiskarlaget Arendal.

Foto: Madeleine Mellemstrand / NRK

Har allereie selt over 100 kilo

Han får støtte frå Fiskarlaget Arendal.

– Det er veldig bra at vi får denne saka belyst skikkeleg. Viss det viser seg at hummaren er fiska ulovleg finn eg det særs underleg at dei sel fangsten, seier leiar Atle Nilsen.

– Regelverket er klart. Er det ulovleg fiska skal det setjast ut i havet så sant det ikkje er daudt eller døyande, seier Nilsen.

Det var fiskeutsalet Reinhartsen i Kristiansand som tok imot den beslaglagde hummaren. Dei anslår at dei har fått inn kring 300 hummar, eller kring 180 kilo.

Så langt har dei selt litt over 100 kilo. Pengane blir inntil vidare sett inn på ein sperra konto. Totalt vil det truleg dreie seg om over 150.000 kroner når alt er selt.

Dersom det blir konkludert med at den sikta yrkesfiskaren i Grimstad ikkje har gjort noko gale, vil pengane gå til han.

Men dersom han blir funne skuldig i ulovleg fiske, vil pengane gå til Fiskesalgslaget Fiskehav, som driv kontrollverksemd.

Reidar Fredriksen

Reidar Fredriksen ved fiskeutsalet Reinhartsen i Kristiansand poserer med to av hummarane som er beslaglagt av politiet.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %