Hopp til innhold

Stoppa sal etter skepsis – ny vaksine nærmar seg

Ei vaksine mot borreliose blei tatt av marknaden i 2002. UiO-professor trur vaksineskeptikarane hadde mykje av skulda. Nå er ein ny vaksine på trappene.

En flått kravler på et grønt blad

Ei vaksine mot det flåttberande infeksjonen borreliose kan snart vere tilgjengeleg.

Foto: Erlend Aas / NTB

– Vaksineskeptikarane blei så vokale og så sterke at ein reknar med at det var ein av grunnane til at vaksinen blei tatt av marknaden.

Det seier Gunnveig Grødeland som er professor i immunologi ved Universitetet i Oslo.

I 2002 fanst det ein vaksine den flåttborne infeksjonen borreliose, men stor skepsis gjorde at han blei trekt tilbake.

– Det var ein del vaksinemotstandarar som hadde borreliose og meinte det var vaksinen som hadde forårsaka artritt og leddsmerter, utan bevis. Det har ein undersøkt nå, og det er ingen grunn til at dette har ein samanheng.

Nå kan ei heilt ny vaksine mot borreliose bli tilgjengeleg i løpet av eit par år.

Fellesnemnaren for begge vaksinane er derimot at dei forsøker å danne den same typen vern mot borreliabakterien, altså antistoff, som kan hindre bakterien å forlate flåtten etter et biten, seier Grødeland.

Gunnveig Grødeland

Gunnveig Grødeland er professor i immunologi ved Universitetet i Oslo. Ho er positiv til at den nye borreliose-vaksinen til Pfizer er på plass om eit par år.

Foto: Ola Sæther

Les også Flere får påvist kjøttallergi: – Har lenge vært ukjent hvorfor

Inger Holyheart fra Mandal fikk kjøttallergi.

Ein frykta krabat

Den godt kjente og frykta flåtten kan vere berar av ei rekke ulike bakteriar, virus og parasittar.

Den vanlegaste sjukdommen den vesle krabaten fører vidare, er borreliose.

Bakterieinfeksjonen kan behandlast med antibiotika, men i somme tilfelle kan sjukdommen gi eit alvorleg sjukdomsgang.

Kvart einaste år får mange menneske eit møte med flåtten, sjølv om dei færraste tilfella utviklar seg til sjukdommar.

Fryktar du flåtten? Flått-app skal få ned sjukdomstala:

Les også Ny flått-app skal få ned sykdomstallene

Flått

Viktig for mange

Randi Eikeland ved Nasjonalt senter for flåttberande sjukdommar i Kristiansand, meiner den nye vaksinen vil bety mykje for nokre menneske.

Men det er ein del ting som ikkje er landet enda.

– Det er mange omsyn å ta, blant anna kven som skal få vaksinen.

Eikeland meiner at det er relativt få menneske som utviklar alvorleg sjukdom etter borrelioseinfeksjon og at det ikkje bør bli ein alminneleg folkevaksine.

– Eg skal ikkje bestemme det, men mi meining er at det er nokon utvalde som skal få denne vaksinen. Alvorleg sjukdom etter borreliose er sjeldan.

Randi Eikeland

Randi Eikeland er i desse dagar i Tyskland for å diskutere borreliose-vaksinen, som dei håpar kjem om eit par år. 

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

– Få ønska å ta vaksinen

Even Fossum er seniorforskar ved Folkehelseinsituttet, og fortel at sjølv om vaksinen blei trekt frå marknaden i Noreg i 2002, er den framleis gyldig i USA.

– Vaksinen er framleis godkjent i USA, men han blei trekt tilbake der òg, fordi det omtrent ikkje var nokon som hadde lyst til å ta han. Derfor blei han heller ikkje produsert.

Noko av grunnen til den labre interessa var usikkerheita om ho kunne assosierast med andre sjukdommar.

– Det var nok til å gjere at få ønska å ta vaksinen, seier Fossum.

Les også Anne Margrethe vart sjuk av flåttbit: – Veit kor ille det kan vere

Anne Margrethe Dalen ute i hagen sin.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %