– Eg har vorte biten to gonger tidlegare og veit kor ille det kan vere, seier Anne Margrethe Dahlen.
Ho og ektemannen går ofte tur i skogen i Sandefjord.
I fjor valde dei å vaksinere seg mot TBE for å kunne bevege seg utan bekymring for flåttsjukdommen.
Stadig fleire gjer som dei. Men no byrjar det å haste viss ein skal vere verna før sommaren.
Fleire tilfelle av TBE i Noreg
Dahlen har hatt flåttsjukdommen borreliose to gonger.
– Begge gongene fekk eg eit raudt merke rundt bitet og vart veldig dårleg, seier ho.
Etter fleire penicillinkurar vart ho kvitt sjukdommen. Ho kjenner seg heldig som har sloppe unna utan varige mén.
Borreliose finst det ingen vaksine mot. Det gjer det derimot for det meir sjeldne flåttviruset TBE (skogflåttencefalitt).
Sidan 2018 har talet på personar som har vorte smitta med TBE i Noreg auka gradvis.
Størst er auken i Porsgrunn og Larvik.
Nokon får ikkje symptom. Andre får mild influensa. Men nokon blir alvorleg sjuke med hjernehinnebetennelse, hjernebetennelse eller ryggmergsbetennelse.
No utvidar Folkehelseinstituttet tilrådinga for område der folk bør vurdere å ta vaksine.
– Det geografiske området går då frå Flekkefjord langs kysten til Drammen, og langs austkysten av Oslofjorden, frå Vestby til svenskegrensa, seier Solveig Jore ved FHI.
Dobling i mengd vaksinerte
Folkehelseinstituttet registrerte ein kraftig auke i talet på personar som tok vaksinen i fjor.
I 2022 valde 54.000 nordmenn å ta TBE-vaksinen. Det var dobbelt så mange som i 2019.
Likevel mistenkjer Yvonne Kerlefsen ved flåttsenteret i Agder at enkelte av dei som treng vaksinen mest, ikkje tek han.
Ho seier at folk som bur i risikosonene, som ferdast ein del i naturen og er vant til flåttbit, bør vurdere å ta vaksinen.
– Men det er ikkje sånn at alle skal springe og ta han. Det er veldig mange som aldri får flåttbit, understrekar ho.
Vaksinen kan takast heile året.
Men for å ha det beste vernet bør han takast på vinterstid, i god tid før flåtten er mest utbreidd og risikoen for å bli biten er størst.
Ifølgje Apotekerforeningen, betyr det at ein helst bør ha teke vaksinen innan påske for å vere fullbeskytta i sommar.
Sjeldan barn blir sjuke
Flåttsenteret får telefonar med spørsmål frå heile landet om den vesle, men plagsame flåtten.
Kerlefsen seier mange bekymrar seg for at barn skal bli smitta med sjukdommen.
Ho understrekar at det er langt fleire vaksne enn barn som får TBE.
– Ein femåring kan få TBE. Men den typiske pasienten er over 40 år.
Hei!
Hyggelig at du kom deg ned hit! Har du spørsmål om denne saken, eller andre saker å tipse meg om?