Hopp til innhold

Ni års fengsel for drapsforsøk

Ein mann (40) som slo ekskona med brekkjern fleire gonger i hovudet, er dømd til fengsel.

Voldsepisode i parkeringshus i Kristiansand

Ei kvinna vart angripen med brekkjern i dette parkeringshuset i februar. No er eksmannen dømd til ni års fengsel.

Foto: Hilde Skarvøy Gjestland / NRK

Russaren er i Kristiansand tingrett dømd til fengsel i ni år. I tillegg må han betale 360 000 kroner i erstatning til ekskona.

Han er også dømd til å betale 150 000 kroner i erstatning til kvar av dei tre barna deira.

– Statsadvokaten sin påstand reflekterer straffenivået vi i dag har for drapsforsøk, og eg er slik sett nøgd med dommen, seier kvinna sin bistandsadvokat Hilde Ulland til NRK.

– Så kan eg jo, sett frå fornærma sin ståstad, oppleve avmakt i forhold til at straffa skal vere fleire år lågare ved drapsforsøk enn ved drap. Det er berre tilfeldigheiter som gjer at ho overlevde, seier ho.

Anka dommen

Men siste ord er ikkje sagt i denne saka. Måndag anka 40-åringen dommen.

– Den er anka på to av tre punkt. Skuldspørsmålet og erstatning til barna. Erstatningsansvaret overfor fornærma er ikkje anka, seier mannen sin forsvarar, Oscar Ihlebæk til NRK.

I retten nekta mannen for at han stod bak valdsepisoden. Han hevda også at han lir av hukommelsestap. Han nekta difor straffskuld i retten.

Det var i februar at ei kvinne vart funne blodig og forslått i parkeringshuset ved Kilden Teater- og Konserthus i Kristiansand.

Kvinna var livstrugande skada i fleire veker etter angrepet.

Brekkjern brukt ved drapsforsøk på Kilden

Det var dette brekkjernet som vart brukt i angrepet.

Foto: politiet

– Stor kraft

I dommen går det fram at 40-åringen venta på ekskona i parkeringshuset før angrepet. Kvinna forklarte at ho berre hugsar to av slaga.

– Både skadane fornærma vart påført og blodspora på veggen indikerer slag også medan ho låg nede, skriv tingretten i dommen.

– Tiltalte slo fornærma fleire gonger med stor kraft i hovudet med brekkjernet. Ein særleg brutal og omsynslaus metode som berre har til hensikt å drepe den som blir angripen, skriv retten.

NRK har tidlegare fortalt at kvinna søkte om at mannen vart pålagt besøksforbod berre dagar før hendinga. Dagen før hendinga sende også kvinna ein e-post til advokaten sin om å få hjelp til å søke om besøksforbod på nytt.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %